Hordaland ynskjer avgjerd om større regionar før sommaren 2007

Forvaltingsreforma på regionalt nivå, som regjeringa har varsla, krev langt større regionar enn det som svarar til dagens fylke, seier Hordaland fylkesutval i høyringsfråsegna til KS sin rapport om reforma.

Premissar må koma frå sentralt hald
Arbeidet med inndeling i nye regionar må skje i tett samspel med fylkeskommunane og kommunane. Gjennomføringa av reforma er likevel heilt avhengig av at sentrale styresmakter gir tydelege premissar og føringar for korleis den nye regioninndelinga skal vere, heiter det i fråsegna. (Vedteke med 12 (H, KrF, Ap, SV, Sp, V) mot 3 (Frp) røyster.)

Ny inndeling før sommaren 2007
Fylkesutvalet seier også at dersom dei politiske partia skal få tid til å utforma valprogram og nominera kandidatar til regiontingsval i 2009, er det viktig å halda fart på prosessen. Særleg er det viktig at spørsmålet om inndeling vert avgjort før sommaren 2007. (Vedteke med 12 (H, KrF, Ap, SV, Sp, V) mot 3 (Frp) røyster.)
 
Større regionar
Fylkesutvalet i Hordaland viser til tidlegare vedtak i fylkestinget om behovet for å etablere sterke folkevalde regionar med ansvar for breie samfunnsoppgåver. I tråd med tidlegare vedtak i fylkestinget meiner fylkesutvalet at dette krev langt større regionar enn det som svarar til dagens fylke. Det er difor svært viktig at det i den første fasen av reformarbeidet blir halde fokus på dette spørsmålet. (Dette avsnittet vart vedteke med 11 (Ap, SV, Sp, V, KrF, 2 H) mot 4 (Frp, 1 H) røyster.)

Ikkje tilsyns- og kontrolloppgåver
Fylkesutvalet meiner fylkesordførar/-rådsleiarkollegiet sin rapport er eit solid fundament for det vidare arbeidet med forvaltningsreforma, og støtter i hovudsak konklusjonane når det gjeld oppgåver som bør overførast til regionalt nivå. (Vedteke med 12 (H, KrF, Ap, SV, Sp, V) mot 3 (Frp) røyster.)
 Fylkesutvalet vil likevel peike på at det vil vere uheldig om regionane får ansvar for tilsyns- og kontrolloppgåver i høve kommunane. (Vedteke med 10 (1 H, KrF, Ap, SV, Sp, V) mot 5 (Frp, 2 H) røyster.)

Regionreform
Forvaltningsreforma bør i denne omgang først og fremst dreie seg om å etablere nye sterke regionar. Spørsmålet om kommunane skal ha ulike oppgåver etter storleik, eller om kommunane skal få desentralisert oppgåver frå fylkeskommunane bør vente til etter forvaltningsreforma er gjennomført. (Vedteke med 12 (H, KrF, Ap, SV, Sp, V) mot 3 (Frp) røyster.)

Forslag frå Fremskrittspartiet
Fremskrittspartiet fremja primært forslag om at det skal vera to forvaltingsnivå, og subsidiært at ein i ein trenivåmodell  legg vekt på m.a. desse prinsippa: nærleiksprinsippet, oppgåver skal ikkje overførast frå kommunane til regionane, vesentleg færre regionar enn dagens 19 fylkeskommunar, regionane skal ikkje fungera som overkommunar  til primærkommunane. I forslaget vart det også sagt at forvaltingsreforma også må omfatta den regionale stat. Tilsynsfunksjonar i høve tenesteproduksjonen i kommunar og regionar bør leggjast til eige uavhengig direktorat/tilsynsorgan. Dette forslaget fekk Fremskrittspartiet sine tre røyster og fall.
 Eit eige punkt om at klagehandsaming, t.d. i høve plan- og bygningslova, bør leggjast til ein eigen forvaltingsdomstol, korkje til fylkesmannen eller regionane, fekk fire (Frp, V) røyster og fall.

Stanley Hauge 30.03.2006 15:19
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart