I fråsegna viser fylkestinget til at det i handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2006-2015 er lagt opp til nærare 80 % bompengefinansiering av veginvesteringane i Hordaland i perioden 2006-2009.
Vilje til bompengefinansiering
Fylkestinget slår fast at her i fylket har viljen til bompengefinansiering vore stor. Det er vanskeleg å fastslå kvar smertegrensa går for slik brukarfinansiering, men det faktum at ein stor del av bompengeinntektene går til rentekostnader og dermed hamnar i kassa til bank- og finansieringsinstitusjonane, finn Hordaland fylkesting meir og meir urimeleg.
Ber om tilbakemelding
Fylkestinget ber om ei tilbakemelding frå samferdselsministeren om i kva grad det er aktuelt å vurdere framtidige statlege rentefrie lån i samband med bompengefinansiering og eventuelt med kva føresetnader ei slik vurdering vil bli gjennomført.
Fråsegna:
Forslaget til fråsegn var sett fram av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
«Prosjektfinansiering med statlege rentefrie lån
Hordaland er eit fylke med stort innslag av bompengefinansiering av planlagt vegutbygging. Viljen til lokal delfinansiering av vegprosjekt gjennom bompengeinnkreving er stor, og alt tyder på at slik vil det også bli inn i nærmaste framtid. I handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2006-2015 er det lagt opp til nærare 80 % bompengefinansiering av veginvesteringane i fylket i perioden 2006-2009.
Det er vanskeleg å fastslå kvar smertegrensa går for slik brukarfinansiering, men det faktum at ein stor del av bompengeinntektene går til rentekostnader og dermed hamnar i kassa til bank- og finansieringsinstitusjonane, finn Hordaland fylkesting meir og meir urimeleg.
Som eit element i framtidig prosjektfinansiering meiner Hordaland fylkesting det er på høg tid at staten vurderer rentefrie lån innanfor bompengeordninga, slik at tilbakebetalinga vert avgrensa kun til avdrag og ikkje fordyrande rentekostnader.
Behovet for satsing på framtidig veginfrastruktur er stort og alternative kreative finansieringsløysingar må ikkje stå uprøvd. Som ei slik kreativ finansieringsløysing vil fylkestinget vise til ordninga med bruk av innsparte ferjetilskot til delfinansiering av ferjeavløysingsprosjekt. Utan denne ordninga hadde det vore vanskeleg å få fullfinansiert fleire viktige ferjeavløysingsprosjekt i distrikta.
Hordaland fylkesting er overtydd om at statlege styresmakter tilsvarande må vurdere alternative og meir framtidsretta finansieringsløysingar for investering av veginfrastruktur der det er aktuelt med innslag av lokal delfinansiering gjennom brukarbetaling.
Fylkestinget ber om ei tilbakemelding frå samferdselsministeren om i kva grad det er aktuelt å vurdere framtidige statlege rentefrie lån i samband med bompengefinansiering og eventuelt med kva føresetnader ei slik vurdering vil bli gjennomført.»