Prognoseinntaket viser at det er godt samsvar mellom samla tal elevplassar og søkjarar, men det er oversøking til ein del kurs og utdanningsprogram og færre søkjarar enn det er plassar til i andre.
Over 90 % av søkjarane til grunnkurs (Vg1) med ungdomsrett får plass på utdanningsprogrammet dei ønskjer. Ca. 80 % av dei som søkjer yrkesfaglege studieretningar kjem inn på førsteønskjet sitt.
Nedgangen i tal søkjarar til restaurant og matfag held fram. Det er også færre søkjarar til service og samferdsel (tidl. Sal og service), derimot aukar søkjartalet til helse- og sosialfag.
Dobbelt så mange som det er plass til har søkt medium og kommunikasjon .
Det er dårleg søknad til studiespesialiserande med formgjevingsfag (estetiske fag/kunstfag), berre 140 søkjarar til 389 plassar.
Også i år er det stor søkning Bergen katedralskole og Bergen handelsgymnasium, men det ser ut som nedre inntaksgrense går ned og nærmar seg einskilde populære bydelsskular. Det ser ut som om nærskulen står sterkt både i Bergen og fylket generelt også etter at fritt skuleval er innført.
På grunnlag av prognoseinntaket vil fylkeskommunen arbeida med justeringar av klassetilbodet, for i størst mogleg grad å tilpassa dette til søkjartala til dei ulike studieretningane.
På grunn av overgang til ny reform (Kunnskapsløftet) for Vidaregåande kurs 1 (tidlegare grunnkurs) er det vanskeleg å samanlikna tabellar over søkjartal med tidlegare år.
OBS: Talet på ledige plassar som kjem fram i tabellane er ikkje reelt fordi inntaket til klassar med redusert elevtal og klassar for minoritetsspråklege ikkje er med i det maskinelle prognoseinntaket.
Tal søkjarar og plassar til dei nye utdanningsprogramma:
Bygg og anleggsteknikk: 580 søkjarar 583 plassar
Design og handverk 341 ” 311 ”
Elektrofag 447 ” 468 ”
Helse-og sosialfag 737 ” 768 ”
Medium og kommunikasjon 301 ” 146 ”
Naturbruk 145 ” 171 ”
Restaurant og matfag 327 ” 444 ”
Service og Samferdsel 236 ” 315 ”
Tekn.og ind.produksjon 714 ” 789 ”
Ordinær Studiespes. 2156 ” 2273 ”
Stud.spes m/Formgjeving 140 ” 389 ”
Idrettsfag 262 ” 162 ”
Musikk/Dans/Drama 234 ” 179 ”
Oversøking på nokre kurs, ledige plassar på andre
På bakgrunn av tala ovanfor kan det sjå ut som om talet på plassar og søkjarar går svært godt i hop slik at alle søkjarar får plass på det kurset/utdanningsprogram som dei ønskjer. Slik er det likevel ikkje fordi det er oversøkning til ein del kurs/utdanningsprogram, og færre søkjarar enn det er plassar til andre. Likevel kan vi på dette tidspunktet slå fast at over 90% av søkjarane til grunnkurs med Ungdomsrett vil få plass på det utdanningsprogrammet dei ønskjer.
Yrkesfaglege studieretningar
Til yrkesfaglege studieretningar er prosentdelen som kjem inn på det kurset dei ønskjer ca. 80%. Dette skuldast at nokre kurs som t.d. Kjøretøy (Bilmekanikar) og Brønnteknikk er svært godt søkt samanlikna med talet på plassar. Tal på oppretta elevplassar er sjølvsagt vurdert i høve til behovet for læreplassar i dei aktuelle faga.
Overgang til Kunnskapsløftet
Ved overgang til Kunnskapsløftet har Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen lagt ned mykje arbeid med å setje opp ny klassestruktur ved alle skulane i fylket. Fordi ein del tidlegare studieretningar går inn i dei nye utdanningsprogramma, og omlegging innanfor dei gamle studieretningane, har det i år vore sett særleg fram til prognoseinntaket med omsyn til kor søkjarane frå ungdomsskulen har søkt.
Formgjevingsfag taper
Det viser seg at det i høve til elevplassar er dårleg søkning til studiespesialiserande med Formgjevingsfag (Estetiske fag/kunstfag). Denne retninga var tidlegare innanfor studieretning for Formgjevingsfag, og elevane kunne velje om dei ønskte studiekompetanse eller yrkesfag, t.d. frisør, etter 1. året. No må ein velje direkte frå ungdomsskulen og det ser ut til at det nye studiespesialiserande med Formgjeving har tapt på dette.
Færre søkjer restaurant og matfag
Av tabellen ovanfor ser ein også at søkjartalet til Restaurant og matfag (tidl. Hotell- og næringsmiddelfag) framleis går nedover. Denne tendensen har no vart i eit par år.
Fleire søkjer helse- og sosialfag
Søkjartalet til Helse- og sosialfag har derimot auka samanlikna med dei siste åra. Særleg i Sunnhordland og Voss har ein relativ stor søknadsauke, og det vil vere behov for oppretting av klassar i desse regionane.
Nedgang for service- og samferdsel
Søkjartalet til Service og samferdsel (tidl. Sal og Service) har også gått relativt mykje ned. Kva dette skuldast veit ein enno ikkje, og nedgangen kom uventa samanlikna med jamn vekst etter oppstart av denne studieretninga i år 2000.
Medium og kommunikasjon populært
Prosentvis er det framleis Medium og kommunikasjon som har færrast plassar i høve til søkjartalet. Dette trass i at det i år er ein auke i elevplassar i dette utdanningsprogrammet.
Fritt skuleval
Ved innføring av fritt skuleval i 2005 vart det svært stor søkning til skulane i Bergen sentrum (grunnkurs Allmenne fag), særleg galdt det Bergen Katedralskole og Bergen Handelsgymnasium. Framleis har desse skulane stor søkning, men det ser no ut som om nedre inntaksgrense ved desse skulane blir noko lågare enn i fjor, og faktisk nærmar seg grensene til einskilde populære bydelsskular.
I Oslo fekk innføring av fritt skuleval først konsekvensar for søkjarmønsteret det 2. året. Dette har ikkje slått til i Hordaland. Det ser ut som om nærskulen står sterkt både i Bergen og fylket generelt.
Nye klassar trengst i Bergensområdet
Det er behov for oppretting av nye klassar i Bergensområdet, dette gjeld særleg:
Vg1 Helse og sosialfag
Vg1 Design og handverk
Vg1 Teknikk og industriell produksjon
Vg1 Bygg og anleggsteknikk ( med atterhald)
VKI Elektrofag
VKII Allmennfagleg påbyggingskurs
Vurderer justeringar
Etter at tala i prognoseinntaket no er kjent, vil Opplæringsavdelinga vurdere behovet for justering av klassetalet ved dei ulike skulane på grunnlag av søkjartal til den einskilde skule og behovet for plassar generelt innanfor dei aktuelle faga.