Fylkesutvalet tilrår kraftvarmeverk på Mongstad med førebudd CO2-fangst

Hordaland fylkesutval tilrår bygging av kraftvarmeverk på Mongstad, i første omgang utan CO2-handtering. Fylkesutvalet går også inn for at Mongstad må peikast ut som det naturlege, framtidige nasjonale kompetansesenteret for CO2-handtering.

Kraftvarmeverket på Mongstad er særs viktig både for Nordhordlandsregionen og for heile Hordaland. Fylkesutvalet rår til at det vert gjeve utsleppsløyve for kraftvarmeverket på Mongstad som opprinneleg omsøkt, men med førebuing for seinare tilkopling av CO2-fangstanlegg. Ein føreset at staten bidrar økonomisk for å realisera dette, heiter det i Hordaland fylkesutval si fråsegn til søknaden frå Statoil.
 Vedtaket vart gjort med 12 (H, Frp, KrF, Ap, Sp) mot 3 (V, SV) røyster.

 Kristeleg Folkeparti røysta primært for følgjande fellesforslag frå KrF, V og SV: «Gasskraftverket på Mongstad er viktig både for Nordhordlandsregionen og for heile Hordaland. Fylkesutvalet vil ikkje rå til at det blir gjeve utsleppsløyve, og føreset i tråd med fylkesplanen at det blir lagt opp CO2 handtering.»
 Også SV og Venstre røysta for dette forslaget som fekk fem røyster og fall.

Fylkesutvalet vedtok samrøystes følgjande punkt 2, føreslege av Gisle Handeland (Ap):
 «Fylkesutvalet vil og peika Mongstad som det naturlege,  framtidige nasjonale kompetansesenteret for CO2-handtering.»

Stanley Hauge 30.03.2006 15:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart