Forslaget til fråsegn som var sett fram av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, vart samrøystes vedteke av fylkestinget.

Hordaland fylkesting ønskjer forsøk med gratis ferjer. Sambandet Leirvåg (biletet)-Skipavik-Sløvåg er eitt av sambanda fylkestinget trekkjer fram som aktuelt.
Fråsegna:
«Forsøk med gratis ferjer i Hordaland
Hordaland fylkesting viser til forslaget frå Samferdselsministeren om å gjennomføra forsøk med gratis ferjereiser i utvalde samband. Som eit av landets største ferjefylke er vi svært positive til dette forslaget og ser fram til å få i gang slike forsøk i vårt område.
Ferjene er ein flaskehals for effektive kommunikasjonar og utgjer ein betydeleg transportkostnad for næringsliv og innbyggjarane i Hordaland. Fylkestinget legg til grunn at ferjesamband i vårt fylke vert inkludert i dette forsøket. Av landets 95 riksvegferjesamband er 19 av desse i Hordaland. Utan at vi kjenner kriteria for utveljing av ferjesamband til forsøket, vil fylkestinget peika på desse aktuelle sambanda:
Fedje og Austevoll er dei to kommunane i Hordaland som er utan fast vegsamband. Fylkestinget meiner ferjesambanda til desse to øykommunane begge er svært aktuelle forsøksprosjekt. Både med omsyn til næringslivet og den generelle samfunnsutviklinga vil gratis ferjesamband vera ein viktig stimulans. Samstundes vil det her vera enkelt å måla effekten av forsøket då desse samfunna ikkje har alternative samband.
Det fylkeskryssande sambandet Leirvåg-Skipavik-Sløvåg er eit anna riksvegferjesamband som bør vurderast som forsøksprosjekt. Dette er eit mindre gjennomgåande riksvegferjesamband (Leirvåg-Sløvåg), samstundes som det gjev øyar i ytre Sogn utan fast vegsamband, tilknyting til riksvegnettet både i eige fylke (Sløvåg) og i Hordaland (Leirvåg).
Også andre samband i Hordaland kan vera aktuelle.»