Fylkestinget vedtok S6 for Jondalstunnelen og at Kvinnherad og fylkeskommunen deler kostnadsauken på 38 mill. kr

Hordaland fylkesting har vedteke å byggja Jondalstunnelen etter trase S6 – tunnel bak Nordrepollen, og godkjent auka prosjektkostnader på 38 mill. kr som følgje av dette alternativet. Fylkestinget legg til grunn at kostnadsauken på 38 mill. kr skal finans

Fylkestinget sitt vedtak vart gjort med 46 (Ap, SV, RV, V, Sp, Frp., 4 KrF, 3 H) mot 10 røyster (8 H, 1 KrF, 1 uavh.).

Eit samrøystes fylkesting vedtok i eit eige punkt at dersom ikkje Kvinnherad kommunestyre sluttar seg til opplegget i fylkestinget sitt vedtak, ber fylkestinget om at kommunestyret går inn for å regulera S9.
 Dette punktet vart vedteke etter forslag frå Gisle Handeland (Ap). Bjørn Lothe (SV) føreslo eit tilsvarande punkt, men trekte dette og støtta Arbeiderpartiet sitt forslag.

Fylkestinget har vedteke at alternativa S6, S9, N2 og N6 vert lagde til grunn for anbodsinnhenting av Jondalstunnelen.
 Dersom anbodsinnhentinga gjev grunnlag for det, vert N6 lagt til grunn for gjennomføringa av prosjektet, heiter det i fylkesutvalet si tilråding.

Fylkestinget har merka seg den justerte trafikkprognosen frå Vegdirketoratet. Fylkestinget endrar likevel ikkje summen i bompengesøknaden og viser her til utgreiinga i saka. Meir effektiv innkrevjing av bompengane og lågare rente veg opp for lågare trafikk. Fylkestinget legg framleis til grunn at det skal krevjast inn førehandsbompengar på ferja Tørvikbygd – Jondal.
 Fylkestinget ber om at bompengesøknaden vert handsama snarast råd av sentrale styresmakter.

Fylkestinget har gjeve fylkesutvalet naudsynte fullmakter til å gjera vedtak på vegner av fylkestinget dersom det oppstår endringar i grunnlaget etter handsaminga i fylkestinget, då det er viktig med rask handsaming for å nå Stortinget i vårsesjonen.
Høgre fremja forslag om at fylkestinget ikkje skulle godkjenna auka kostnad som følgje av trasevalet på Kvinnheradsida, som medfører ein meirkostnad på 38 mill.kr, med mindre desse kostnadene vert finansiert med tilskot frå andre. Forslaget fekk 13 røyster (11 H, 1 KrF og 1 uavh.) og fall.

Fylkestinget sitt vedtak:
«1. Fylkestinget legg til grunn alternativ S6 ved realisering av Jondalstunnelen.

2. Fylkestinget godkjenner auka prosjektkostnader som følgje av tunnelalternativ S6 med 38 mill. kr.

3. Fylkestinget legg til grunn at meirkostnaden på 38 mill. kr vert finansiert med tilskot frå Kvinnherad kommune til prosjektet på 19 mill. kr og auka fylkeskommuale midlar på 19 mill. kr.

4. Tunnelalternativa S6, N2 og N6 og vert lagde til grunn for anbodsinnhenting av Jondalstunnelen. Også S9 vert lagt til grunn i anbodsinnhentinga.

5. Dersom anbodsinnhentinga gjev grunnlag for det, vert N6 lagt til grunn for gjennomføringa av prosjektet.

6. Fylkestinget har merka seg den justerte trafikkprognosen frå Vegdirektoratet. Fylkestinget endrar likevel ikkje summen i bompengesøknaden og viser her til utgreiinga i saka. Meir effektiv innkrevjing av bompengane og lågare rente veg opp for lågare trafikk. Fylkestinget legg framleis til grunn at det skal krevjast inn førehandsbompengar på ferja Tørvikbygd – Jondal.

7. Fylkestinget ber om at bompengesøknaden vert handsama snarast råd av sentrale styresmakter.

8. Fylkesutvalet får naudsynte fullmakter til å gjera vedtak på vegner av fylkestinget dersom det oppstår endringar i grunnlaget etter handsaminga i fylkestinget, då det er viktig med rask handsaming for å nå Stortinget i vårsesjonen.

9. Dersom Kvinnherad kommune ikkje sluttar seg til opplegget i pkt. 1-7, ber fylkestinget om at kommunestyret går inn for å regulera S9.»

Punkta 1-8 vart vedtekne mot 10 røyster (8 H, 1 KrF, 1 uavh.). Punkt 9 vart samrøystes vedteke.

Stanley Hauge 14.03.2006 16:15
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart