Forslaget til fråsegn vart sett fram av Tom-Christer Nilsen (H) og Gisle Handeland (Ap). Fylkestinget vedtok fråsegna med 46 (Ap, H, Frp, KrF, Sp, uavh.) mot 10 (SV, RV, V) røyster.
Hordaland fylkesting meiner miljøvernministeren må syta for at det vert bygd ut gasskraftverk på Mongstad.
Erstattar ureinande energikjelder
I fråsegna påpeikar fylkestinget at det planlagde energiverket på Mongstad vil erstatta bruk av meir ureinande energikjelder ved raffineriet i dag, sikra elektrisk kraft til Trollanlegga, betra forsyningstryggleiken i Bergensområdet og redusera behovet for nye store kraftlinjer i Hardanger.
Ideelt plassert
«I tillegg gjev prosjektet eit godt utgangspunkt for CO2-fangst, deponering og injisering for å betra trykket i oljebrønnar. Mongstad er ideelt plassert for å gjennomføra eit prosjekt av den typen som mellom anna vert føreslege på Tjeldbergodden, og som miljøvernministeren er positiv til,» heiter det i fråsegna frå Hordaland fylkesting.
Fråsegna:
«Ja til miljøvenleg energiverk på Mongstad
Fylkestinget ser med uro på at miljøvernministeren i media dag, 14. mars 2006, har skapt tvil om etableringa av energiverk på Mongstad.
På Mongstad er det planlagt eit energiverk med bruk av gass og lette fraksjonar til erstatning for dagens meir forureinande energikjelder ved raffineriet. Det skal mellom anna gje kraft til prosessanlegget. Overskotskrafta vil kunna gå inn på det ordinære nettet og kan dekkja tilførselen til Troll, og også framtidige behov for kraft til Trollanlegga. Dette vil gje betre forsyningstryggleik i Bergensområdet, og redusera behovet for framføring av store kraftliner gjennom sårbart landskap i Hardanger.
I tillegg gjev prosjektet eit godt utgangspunkt for CO2-fangst, deponering og injisering for å betra trykket i oljebrønnar. Mongstad er ideelt plassert for å gjennomføra eit prosjekt av den typen som mellom anna vert føreslege på Tjeldbergodden, og som miljøvernministeren er positiv til.
Fylkestinget har tidligare gått inn for at det blir gjeve konsesjon til eit energiverk på Mongstad, og har dette som ei av fanesakene i fylkesplanen. Dette vil gje næringsutvikling, arbeidsplassar og teknologiutvikling knytt til anlegget på Mongstad, og ein meir effektiv energiutnyttingsgrad.
Fylkestinget ber miljøvernministeren leggja til rette for å etablera eit energiverk på Mongstad med dei moglegheitene det vil innebera for CO2-handtering og utvikling av eit nasjonalt og internasjonalt senter for CO2-handtering.»