Vedtaket vart gjort med åtte (H, Frp, KrF) mot sju (Ap, SV, Sp, V) røyster. Mindretalet gjekk inn for at fylkeskommunen skulle fremja motsegn til planforslaget.
Langevåg vindpark er planlagt sør på Bømlo i området Dyrneset – Lenuten og Kvitfjell-Gåsafjellet, 1-3 km nord for tettstaden Langevåg.
Søknaden frå Statkraft Development gjeld bygging av 13-21 vindmøller i storleik 2 MW-5MW. Utbygginga kan gje opp til 200GWh og er kostnadsrekna til om lag 550 mill kr. I tillegg til vindmøllene vert det 5 vegavkjørslar, inntil 9 km internveg, oppstillingsplassar og service- og transformatorbygg i vindparken. Det vert også noko kraftlinebygging.
Kraftlinjer problematisk
Konsekvensutgreiinga frå Statkraft Development er grundig med mange opplysningar om kulturminne og kulturmiljø. Samandraget for kulturminne og kulturmiljø bør likevel skrivast om
slik at verdiane og konsekvensane kjem betre fram, heiter det i fylkesutvalet si fråsegn til utgreiinga.
Fylkesutvalet viser til at begge alternativa for ein 66 kV kraftlinje er i direkte konflikt med automatisk freda kulturminne. Alternativ 1 er av tiltakshavar peika ut som førsteval, og vil innebera minst konflikt med freda kulturminne. Konflikten med freda kulturminne må avklarast med Riksantikvaren før eventuell konsesjon vert gjeven. Dersom denne avklåringa vert gjort, rår fylkesutvalet til at det vert gjeve konsesjon.
Vedtaket vart gjort med åtte (H, KrF, H) mot sju (Ap, SV, Sp, V) røyster.
Mindretalsforslag
Mindretalet røysta for dette forslaget, som gjekk imot å godkjenna konsekvensutgreiinga.
«1. Trass i at konsekvensutgreiinga er grundig med mange opplysningar om kulturminne og kulturmiljø, kjem ikkje konfliktane i høve til kulturminneinteressene godt nok fram. Samandrag og samanstillingskartet for kulturminneinteressene er misvisande. I tillegg til dei definerte kulturmiljøa bør alle freda kulturminne visast på oversiktskartet for kulturminne og kulturmiljø. Området har kulturminne og kulturmiljø av regional og nasjonal verdi. Samandrag for kulturminne og kulturmiljø må skrivast om slik at verdiane og konsekvensane kjem betre fram. Fylkesutvalet rår i frå godkjenning av konsekvensutgreiinga inntil eit nytt samandrag og samanstillingskart for kulturminneinteressa ligg føre.
2. Vindparken med vindmøller og infrastruktur vert eit vesentleg arealinngrep i eit urørt område og vil vere i konflikt med fleire regionalt og nasjonalt viktige interesser. Særleg er området kring Roaldsfjorden og på strekninga Dyneset –Lenuten konfliktfylt. Tiltaket er i konflikt med regionale og nasjonale kulturminneinteresser. Fylkesutvalet finn ikkje å kunne rå til at det vert gjeve konsesjon til prosjektet.
3. Fylkesutvalet viser til at begge alternativa for ein 66 kV kraftlinje er i direkte konflikt med automatisk freda kulturminne. Alternativ 1 er av tiltakshavar peika ut som førsteval, og vil innebera minst konflikt med freda kulturminne. Konflikten med freda kulturminne må avklarast med Riksantikvaren før eventuell konsesjon vert gjeven.»