Amerikansk pris til Eidfjord cruisehamn

Cruisehamna i Eidfjord har vunne prisen Most Improved Port Facilities 2005. Prisutdelar er det prestisjefylte amerikanske magasinet Dream World Cruise Destinations og prisen vil verta overrekt under den store cruisemessa Seatrade i Miami neste veke.

Bak kåringa ligg det nominasjonar frå lesarane av bladet, som vesentleg er reiarlag og cruiseagentar.

Cruiseskipshamna i Eidfjord får i neste veke tildelt ein pris frå eit amerikansk reiselivsmagasin.

Kostnad 26 mill. kr
Cruisekaien i Eidfjord vart opna i mai 2005. Av kostnaden på ca. 26 mill. kr har fylkeskommunen finansiert 11 mill. kr.

Rosande omtale
Uttalane om kaien frå båtane og reiarlagsrepresentantane er svært rosande. Det vert mellom anna lagt vekt på tryggingstiltaka, stilfull arkitektur og at det er lagt godt og funksjonelt til rette for passasjerane, heiter det i ei pressemelding frå Reisemål Hardanger.

Markandstiltak
Ei marknadsgruppe leia av Reisemål Hardanger Fjord AS har i perioden 2003-05 gjennomført omfattande marknadstiltak i cruisemarknaden.  Desse har teke sikte på å tilgodesjå alle hamnene i Hardanger, og har også inkludert landprogram, guide- og busstenester. 

Kjempeauke i tal cruisebåtar
Resultata har heller ikkje lete venta på seg.  I 2004 var 18 cruiseskip innom Eidfjord.  Året etter var det 27, og for i år er det påmeld heile 65 skip.  Dette kjem i tillegg til 20 stogg i Ulvik og 3 i Jondal.  I Eidfjord representerer dette ein auke på fenomenale 140%!    Hardangerfjorden er med andre ord komen på cruisekartet for fullt, og Eidfjord har til dømes passert Hamburg i tal cruisbåtstogg i 2006.

Stanley Hauge 08.03.2006 14:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart