Hordaland har for 2006 fått 77,4 mill. kr til næringsretta tiltak via kompensasjonsordninga for auka arbeidsgjevaravgift, 9,9 mill. kr meir enn i 2005. Fylkeskommunen skal framleis ha eit overordna ansvar for forvaltninga av midlane i Hordaland.
Fylkesutalet har vedteke at 63,4 mill. kr av den totale råma for 2006 skal gå til regionale tiltak med slik fordeling:
- Sunnhordland 32,97 mill. kr (52%)
- Hardanger 27,26 mill. kr (43%)
- Nordhordland 3,17 mill. kr (5%)
Det er føresett at løyvingane til samferdseltiltak i Sunnhordland og Hardanger blir vidareført i dei regionale handlingsplanane for 2006.
For å ta vare på og fullføre dei prosjekta og det arbeidet som er lagt ned i bransjesatsingane går fylkesutvalet inn for å vidareføre bransjesatsingane, men at samla råme blir redusert til 14 mill. kr for 2006. Vidare går ein inn for at det blir oppretta ei ny bransjesatsing innan mekanisk industri og leverandørindustri som mellom anna omfattar mange av dei råka bedriftene i Sunnhordland. Administrasjonen får i oppgåve å nærare avgrense den nye satsinga, finne ansvarleg aktør og utarbeide ein handlingsplan som blir lagt fram saman med dei andre handlingsplanane.
Bransjesatsinga vert fordelt som følgjer:
- Reiseliv 6,0 mill. kr
- Marin sektor 2,5 mill. kr
- Olje og gass 2,5 mill. kr
- Ny bransjesatsing 3,0 mill. kr
Fylkesutvalet har merka seg at det er semje om å fordele den vedtekne tilleggsløyvinga til Jondalstunnelen med 4 mill. kr på Hardanger og 1 mill. kr på Sunnhordland og ber dei to arbeidsgruppene om å finne rom for dette i handlingsplanane for 2006 og/eller 2007. Dersom Hardanger ønskjer å auke løyvingane til Hardangerbrua må dei innarbeide dette i handlingsplanen deira for 2006 og/eller 2007.
Fylkesutvalet ser det som svært positivt at næringslivet og kommunane i dei områda som blei råka av auka arbeidsgjevaravgift er engasjert i korleis kompensasjonsordninga blir forvalta og medverkar for å sikre god effekt av tiltaka. Det er særleg viktig å ivareta omsynet til langsiktig satsing og samtidig oppfylle dei krav og føresetnader Kommunal og regionaldepartementet har fastsett for ordninga.
Etter at saka no er handsama av fylkesutvalet skal ho på ny ut til dei regionale arbeidsgruppene og bransjegruppene som skal utarbeide handlingsplanane for 2006. Handlingsplanane kjem opp til ny handsaming i fylkesutvalet før dei blir oversendt til KRD for endeleg godkjenning.