60-årsjubilanten Paul M. Nilsen

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen runda 60 år tysdag 7. mars. Fylkeskommunen markerte at toppsjefen vart 60 år med ei mottaking på Grand Hotell Termnius i Bergen måndag 6. mars. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg hadde invitert kring 100 gjester som treivst

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekker blomster til fylkesrådmann Paul M. Nilsen
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekker blomster til fylkesrådmann Paul M. Nilsen. (alle foto: Stanley Hauge)

«Fylkeskommunen personleg»
Verten for samkoma, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, helsa og gratulerte frå fylkeskommunen. Du er ein behageleg person å samarbeida med. Du er sakleg, har eit godt personleg skjøn, har syn for den enkelte menneske og viser omsorg og varme, sa fylkesordføraren.

«Du er fylkeskommunen personleg», sa fylkesordføraren. – Du står løpet. Me veit du kunne gått til andre stillingar, men har valt å stå på i fylkeskommunen. Det er me glade for. Du står på for den regionale tanken og støttar opp under oss som har same synet.

Frå fylkeskommunen overrekte fylkesordføraren eit bilete av fylkesblomen kusymra, teke av fotografen Roald Haugland, pluss ei stor korg med gule primula. Biletet er det første i ein nummerert serie på 100.

«Eit ankerfeste»
Fylkesmann Svein Alsaker trekte fram at Paul M. Nilsen er eit ankerfeste mellom offentlege leiarar i Hordaland. Du er reflektert, har stor administrativ erfaring og politisk innsikt. Du er imøtekomande, vennleg, lett å samarbeida med og ein mann som vekkjer tillit.
Alsaker takka og sa seg glad for godt samarbeid mellom Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune.

Usedvanleg ryddig
Universitetsdirektør Kåre Rommetveit helsa frå Universitetet i Bergen. Han sa at han kjende Paul M. Nilsen både frå den tida han arbeidde ved universitetet og no frå tida som fylkesrådmann.
 Attesten frå Rommetveit var:

Paul N. Nilsen har dobbeltjubileum: 60 år, og 10 år som fylkesrådmann i Hordaland
Paul M. Nilsen har dobbeltjubileum: 60 år, og 10 år som fylkesrådmann i Hordaland.

Du er usedvanleg ryddig, vi veit kvar vi har deg, du gjev klare tilbakemeldingar og beskjedar. Du ser alvorleg ut, men har betydeleg grad av humor og sjølvironi  — og det kjem nok vel med i fylkeskommunen som andre stader, avslutta universitetsdirektøren.

Strategisk – «den perfekte byråkrat»
Økonomidirektør Johnny Stiansen helsa og gratulerte på vegner av leiargruppa i fylkesadministrasjonen. – Du er ein strategisk, innsiktsfull og omsorgsfull person. Du har svært god kontaktflate med politikarane. Du utstrålar ei indre ro. Vi håpar du held fram som fylkesrådmann lenge.

Byråd Trude Drevland, tidlegare fylkespolitikarar, helsa og gratulerte på vegner av Bergen kommune. Ho sa mellom anna: – «Du er den perfekte byråkrat». Du har ei utsøkt form for humor. Du er det «kloke mennesket» i fylkeskommunen. Det er trygt for oss i byrådet at du sit som fylkesrådmann. Du må halda fram med det.

Gåvebordet
Det velfylte gåvebordet.

Fylkesutvalsmedlemer helsa
Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen omtala i sin helsingstale fylkesrådmann Paul M. Nilsen som ein heiderskar og god byråkrat. Du har god balanse mellom prosess og resultat. Du ser at prosessen er viktig – men krev også at det vert levert resultat i rimeleg tid.

Gisle Handeland, gruppeleiar for Ap, sa i si helsing: – Dine utruleg gode analytiske evner kombinert med det skrå nordlandske blikket og underfundig humor, er det som gjer deg så vellukka som fylkesrådmann. I den turbulente perioden som fylkeskommunen har vore gjennom nokre år no med store endringar, har du «stått han av». Du kunne gått til meir lukrative jobbar, men du har stått på i fylkesrådmannsjobben og «halde motet oppe hjå til dels slitne politikarar.»

Magnar Lussand, gruppeleiar for SP, hadde merka seg at posisjonen i fylkestinget kjende seg trygge på fylkesrådmannen. Det kan vera til ettertanke at det er opposisjonen også. Den dagen du søkte deg jobb i fylkeskommunen, var ein lukkeleg dag for fylkeskommunen. Takk for åra i lag, takk for dei gode samtalane, takk for framifrå samarbeid, sa Lussand i helsinga si.

Harald Hove, gruppeleiar for V: – Vi i eitt av dei mindre partia i fylkestinget har også sett pris på måten du utøver rolla som fylkesrådmann på overfor folkevalde. Vi set pris på både innhaldet og forma du har i rolla som fylkesrådmann. Du har ein understatement-humor som har ein god mottakar i venstregruppa.

Frå samferdselssektoren
Regionvegsjef Ole Chr. Torpp sa i si helsing at fylkeskommunen er Statens vegvesen sin viktigaste samarbeidspart. I kontakta mellom oss ynskjer vi open dialog. I dette samarbeidet er din måta å møta oss på heilt avgjerande. Takk for nivået du har lagt deg på. Du gjer gode analysar og har eit godt humør, og er lett å samarbeida med.

Bjørn Ove Børnes, formann i Transportbedriftenes Landsforening, Hordaland og adm. dir i HSD Buss AS, gratulerte frå kollektivtrafikknæringa. I den brytningstida næringa vår er inne i, har du teke næringa på alvor og møtt oss ryddig og løysingsorientert til glede for oss og publikum. Du har behandla oss på ein måte som gjev respekt.

Andre helsingar
Direktør Ragnar Fagereng helsa frå Norges handelshøyskole der Nilsen arbeidde før han byrja i fylkeskommunen. – Vi vil gratulera fylkeskommunen med eit usedvanleg godt val då de henta Nilsen frå NHH. Omdømmet hans hjå oss var det same som eg har høyrt omtala her i dag – stø og solid. Du er den perfekte rådmann, 100 prosent lojal og den som står først fram og tek støyten.

Monrad Reigstad, Fagforbundet, gratulerte på vegner av dei tillitsvalde. Han slutta seg til dei mange gode orda som var sagt til jubilanten på samkoma.

… ein del punkt å forbetra meg på….
Etter det eg har høyrt i dag, skjønar eg at eg har ein del punkt å forbetra meg på! Slik opna Paul M. Nilsen svartalen sin til alle helsingane og gratulasjonane han fekk på festsamkoma.

Nilsen sa at då han byrja i fylkeskommunen var han ein gjennomsnittsborgar når det galdt kunnskap om fylkeskommunen. Men eg hadde flaks, eg kom til ein organisasjon med gode medarbeidarar, og fann snart ut at det var forstandige politikarar i Hordaland fylkeskommune – og det har det vore heile tida. Eg var også heldig med at det er eit sekretariat som passar på meg.

Dei ti åra eg har vore fylkesrådmann, har vore dei beste arbeidsåra eg har hatt.  Det er eit stort privilegium å ha påverknad i saker som er viktige for folk.

Musikalsk ramme
Fylkesmusikarane Reidun Horvei, Einar Mjølsnes og Frank Rolland gav festsamkoma på Terminus ein fin musikalsk ramme, og visevert, strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve, hadde stødig styring på programmet og dei mange talarane.

Stanley Hauge 07.03.2006 15:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart