Hordaland fylkeskommune skal i år bruka om lag 15 millionar kroner til kompetanseutvikling ved dei vidaregåande skulane i fylket. Dette skjer som følgje av innføring av skulereforma Kunnskapsløftet.
Frå staten får fylkeskommunen 9,4 mill. kr. Sjølv har Hordaland fylkeskommune sett av 4,1 mill. kr, og i tillegg kjem 1,4 mill. kr i ubrukte statsmidlar frå i fjor.
Kunnskapsløftet skal gjennomførast i perioden 2006-2008 og medfører at alle fag får nye læreplanar, det skal bli betre samanheng i heile grunnopplæringa og det blir lagt vekt på tilpassa opplæring til den enkelte elev.
Prioriterte område for kompetanseutvikling er:
- leiaropplæring
- skulane som lærande organisasjonar
- tilpassa opplæring
- nye læreplanar i alle fag
- betre samanhang i heile grunnopplæringa
- rettleiingstenesta
- fagopplæring i bedrift
Innan dei ulike områda er det i løpet av 2005 etablert delprosjekt og sett i gang utviklingsprogram som skal vidareførast eller er komne i gang i 2006. Det er tre område som ein skal ha eit særleg fokus i 2006. Det gjeld dei nye læreplanane, som no er vedtekne, rettleiingstenesta og prosjekt i fagopplæringa.
Fylkesutvalet har teke opplegget til orientering.
Fylkestinget skal handsama saka på møte 14. mars.
Les meir om Kunnskapsløftet her