Fylkesutvalet har også vedteke at fylkesrådmannen parallelt med vidareføringa skal gå i dialog med Bergen kommune for å føreta ei heilskapsvurdering av bussprisar i og rundt Bergen, inkludert endring av takstsoner og eventuell oppheving av takstfrys. Dette punktet vart vedteke med 10 (H, KrF, Frp, V og SP) mot fem (Ap, SV) røyster.
Forslaget som vart vedteke var eit fellesforslag frå KrF, H og Frp. sett fram av Pål Kårbø (KrF).
Følgjande punkt, føreslege av Harald Hove (V), vart også vedteke med ti mot fem røyster: «Eit viktig spørsmål i dialog med Bergen kommune er tiltak som kan styrkja framkomsttilhøva for busstrafikken med sikte på betre regularitet.»
Både Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstra fremja eigne forslag som m.a. gjekk ut på å vidareføra miljøkortet over Nordhordlandsbrua. Etter at deira forslaga hadde falle, røysta desse partia subsidiert for fellesforslaget frå KrF, H og Frp.
Harald Hove (V) fremja slikt forslag:
«1. Ordninga med 40% reduksjon for periodekort til Nordhordland vert lengd til 1. juli 2007.
2. Tilsvarande ordning vert innført til Askøy for perioden 1. oktober 2006 til 1. juli 2007.
3. Tiltaka under pkt. 1 og 2 er ei forsøksordning som skal evaluerast våren 2007.
4. Fylkesutvalet ber om å få lagt fram sak om kostnadene med ein 40 % generell takstreduksjon til Askøy frå 1. november 2006.»
Hove sitt forslag fekk ei (V) røyst, og fall.
Gisle Handeland (Ap) fremja slik fellesforslag frå Ap og SV:
«1. Ordninga med miljøkort over Nordhordlandsbrua har vist effekt. Tiltaket vert vidareført ut året og evaluert i samband med budsjetthandsaminga for 2007.
2. Arbeidet med å leggja til rette for tilsvarande ordningar knytt til Askøybrua vert sett i verk snarast.»
Forslaget fekk seks røyster (Ap, SV og V) og fall.