Talet på reisande med buss over Nordhordlandsbrua er stabilt på om lag same nivå som for eitt år sidan. Miljøkortet og samordninga av skulereise- og ungdomskort har ført at mange fleire nyttar kort, og færre løyser enkeltbillett. Medan talet på selde peri
Ein prosent fleire tek bussen over brua
Talet på reisande med bussane over Nordhordlandsbrua viser ein berekna vekst på om lag 1 prosent i perioden januar-april 2006, samanlikna med same periode i fjor. Miljøkortet som vart innført frå 1. januar i år og samordninga av ungdomskort og skulereisekort frå hausten 2005, har ført til at ein langt større del av dei reisande nyttar desse korttypane. Reisande som nyttar enkeltbillett og andre rabattkort har gått ned i den same perioden, viser ei oversikt Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har laga basert på tal frå HSD Buss.
Fleire unge reiser med kort
Talet på reiser gjort med skulereisekort for vidaregåande skule og ungdomskort viser ein auke på 6,5 % for heile området til HSD avd. Knarvik i dei fire første månadene i år. Det ligg ikkje føre tal for korleis fordelinga av reiser med desse korttypane er internt i Nordhordland og mellom Nordhordland og Bergen.
Færre løyser enkeltbillett
I perioden januar-april er det selt 2369 miljøkort og periodekort, noko som er 18 % høgare enn talet periodekort selde i tilsvarande periode i fjor. Samstundes viser HSD sine tal ein stor nedgang i tal reisande som løyser enkeltbillett, eller reiser med verdikort, rabattkort eller studentkort.
Salet av miljøkort, som gjeld mellom Nordhordland og Bergen, utgjer nesten 90 % av det samla talet selde miljø- og periodekort hittil i år.
Større vekst i periodekortsalet enn i bruken av korta
Medan talet på selde periodekort (i 2006: miljø og periodekort) har auka med 18 % viser HSD-tala berre ein auke på 4,5 % i talet på reiser utført med slikt kort. Det tyder at reisande har funne det gunstig å kjøpa det rabatterte miljøkortet sjølv om dei ikkje brukar det så ofte.