Hordaland og Sogn og Fjordane kan få opptil 6000 nye arbeidsplassar

Hordaland og Sogn og Fjordane kan få opptil 6000 nye arbeidsplassar, spesielt innan bygg og anlegg, oljeindustri og forretningsmessig tenesteyting om dei mest optimistiske prognosane i Næringsbarometeret slår til.

Næringsbarometeret vart offentleg 23. mai og viser at kvar tredje bedrift i fylket ventar fleire sysselsette i år. Tendensen er at talet på arbeidsledige går ned, og at arbeidsmarknaden strammar seg til. Ei av fire bedrifter melder om rekrutteringsvanskar.

Bedriftene vurderer framtidsutsiktene som betre enn for eitt år sidan. 44 prosent av bedriftene ventar auke i omsetnaden, og 36 prosent trur på vekst i lønsemda.

Bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret vart gjennomført i mars og omfattar 918 bedrifter i Hordaland og 573 bedrifter i Sogn og Fjordane.

Meir om næringsbarometeret

Ronny Strand 23.05.2006 06:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart