- Sjukehusa, barnevernet og Statens vegvesen har fått same regioninndeling. No er det framlegg om at skatteetaten skal reorganiserast med dei same grenser. Vi ser her at grensene for dei nye folkevalde regionane byrjar å avteikne seg, seier fylkesordførar
Same regioninndeling
Fylkesordføraren er glad for at staten nyttar den same regioninndelinga når dei omorganiserer statleg verksemd. Først vart Statens vegvesen delt inn i fem regionar, så kom helseregionane og barne- og ungdomsvernet. No føreligg det eit forslag om at likningskontor, fylkesskattekontor og skattefutkontor blir slegne saman til ”skattekontor” med den same regioninndeling. For Vestlandet omfattar det dei tre fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
Modell
- Her ser vi at grensene for den nye folkevalde regionen på Vestlandet avteiknar seg. Vi har fått modellen for korleis vi kan organisere Vestlandet som region. seier fylkesordføraren som meiner det er viktig å få samsvar mellom grensene for dei nye folkevalde regionane og grensene for statlege forvaltingsregionar.
Oljeskattekontoret til Vestlandet
I samband med reorganiseringa av skatteetaten blir ein del statlege oppgåver flytta ut til distrikta, mellom anna handsaming av sjølvmeldingar og oppgåver som i dag ligg til Skattedirektoratet. Fylkesordføraren er positiv til at statlege arbeidsplassar blir flytta ut frå Oslo-området og vil arbeide for at fleire arbeidsplassar og oppgåver blir flytta til Hordaland eller til Vestlandet. Spesielt bør det vurderast å flytte Oljeskattekontoret til Vestlandet, sidan den største kompetansen på petroleumsrelatert verksemd finnes her.