Gå til saksdokumenta: Fylkesutval 15.05.06
Økonomisaker
Godkjenning av årsrekneskap 2005 for Hordaland fylkeskommune, budsjettendringar for 2006, sal av eigedomane Mobergslien og Strandebarm husmorskule er mellom sakene som kjem opp på møtet.
Kultursaker
Sak om sluttfinansiering av Tusenårsstaden i Hordaland skal handsamast.
Andre kultursaker: Tilskot til deltaking i Celtic Food & Drink Festival, Cardiff, Wales 14.-16. juli 2006. Val av pilotprosjekt i Hordaland til Miljøverndepartementet sitt verdiskapingsprogram for kulturminne og kulturmiljø.
Opplæringssaker
Ei rekkje saker knytte til opplæring står på sakskartet. Det gjeld elevevaluering av lærarar, implementering av 4. og 5. opplæringsår i vidaregåande skule, restrukturering av skular på Voss.
Vidare to saker i omstillingsprogrammet: Eigedomsforvalting og rapport frå Bjørgvin vgs. avd. Kyrre, Kvinnherad vgs., avd. Valekrossen skule og Ulriken skolesenter, avd. Vestlund og logopedisk klinikk.
Rapport om oppdragsverksemda ved dei vidaregåande skulane står også på sakslista.
Planar og fråsegner
Fylkesdelplanen «Deltaking for alle – universell utforming» skal handsamast.
Fylkesutvalet skal gje fråsegn om Statoil og Hydro sine framlegg til konsekvensutgreiingsprogram for felta Gjøa, Belinda, Camilla og Fram B. Like eins til søknad frå Småkraft om bygging av Blådalselva kraftverk i Kvingedalsvassdraget i Masfjorden.
Ei viktig høyringssak er Skattedirektoratet sitt framlegg til reorganisering av skatteetaten.
Samferdsel
Ti samferdselssaker skal behandlast. Mellom dei er evaluering av Miljøkortet over Nordhordlandsbrua, forslag til riskvegbudsjett for 2007, val av innkjøpsform ved anbod i bussrutedrifta og traseval og anbodsinnhenting for Jondalstunnelen.
Utviding av bompengeordninga for E39 Boravik-Sandvikvåg (Stord) kjem opp, og det same gjer utviding av sesongen og konkurranseutsetjing for turistruta på Hardangerfjorden.