Fylkesutvalet uroa over Elkem sin Ålvik-plan, ber selskapet ta samfunnsansvar

Fylkesutvalet i Hordaland er svært uroa over meldingane om at Elkem ASA vil nedbemanna ved Elkem Bjølvefossen A/S i Ålvik, og flytta hovuddelen av produksjonen til Island.

Sats på innovasjon
I ei fråsegn til Elkem oppmodar fylkesutvalet på det sterkaste eigarane om ikkje å leggja ned verksemda i Ålvik, men heller satsa på innovasjon og vidareutvikling av Bjølvefossen til ei meir effektiv og lønsam verksemd enn i dag.

Fylkesutvalet vedtok samrøystes eit forslag til fråsegn som vart sett fram av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF).

Elkem må ta ansvar
I fråsegna seier  fylkesutvalet: «Med gode resultat for Elkem ASA gjennom mange år, reknar vi med at selskapet tek ansvar for dei tilsette, for vidareutvikling av Bjølvefossen og for Ålvik. Bygda har sidan starten på industrireisinga tidleg på 1900-talet gjeve både arbeidskraft, naturressursar og lojalitet til Bjølvefossen og eigarane. Heile samfunnet har pulsert med internasjonale konjunkturar og innretta seg etter det som har vore til det beste for Bjølvefossen.»

Fråsegna lyder:

«Elkem ASA har stort ansvar for Ålvik
Fylkesutvalet i Hordaland er svært bekymra for meldingane om at Elkem ASA vil nedbemanna ved Elkem Bjølvefossen A/S i Ålvik, og flytta hovuddelen av produksjonen til Island. Fylkesutvalet vil på det sterkaste oppmoda eigarane om ikkje å leggja ned verksemda i Ålvik, men heller satsa på innovasjon og vidareutvikling av Bjølvefossen til ei meir effektiv og lønsam verksemd enn i dag. Produksjonskapasiteten i 2005 var på 60 000 tonn ferrosilisium som vert omdanna til ferrosilisiummagnesium og seld på den internasjonale marknaden. Ved Bjølvefossen arbeidde det 155 tilsette i 2005.

Årsresultatet for Elkem Bjølvefossen A/S for 2005 er ikkje offentleg enno, men utifrå Årsrapport 2005 HMS kan vi lesa at Bjølvefossen er ei god og sunn verksemd som har eit resultat  på om lag 10 %. Årleg omsetnad er på om lag 500 millionar kroner noko som tyder på eit årsresultat på 50 mill. kr pluss.

Med gode resultat for Elkem ASA gjennom mange år, reknar vi med at selskapet tek ansvar for dei tilsette, for vidareutvikling av Bjølvefossen og for Ålvik. Bygda har sidan starten på industrireisinga tidleg på 1900-talet gjeve både arbeidskraft, naturressursar og lojalitet til Bjølvefossen og eigarane. Heile samfunnet har pulsert med internasjonale konjunkturar og innretta seg etter det som har vore til det beste for Bjølvefossen.

No er tida inne for at Elkem ASA stiller opp for bygda, og for folket i Ålvik og Hardanger. Gjennom innovasjon og langsiktig industriutvikling, kan ein sikra arbeidsplassane og lønsemda ved Bjølvefossen.

Hordaland er eit industrifylke som har stor kompetanse på kunnskapsbasert industriutvikling nasjonalt og internasjonalt. Fylkesutvalet  tek meldingane om flytting  av produksjon til Island og nedbemanning ved Elkem Bjølvefossen A/S i Ålvik med stort alvor. Derfor vil vi oppmoda styret i Elkem ASA om å ta samfunnsansvar når dei innan kort tid skal handsama saka om å flytta hovuddelen av produksjonen til Island. Bjølvefossen går med gode overskot, eigarane tener godt og fabrikken må framleis vera i Ålvik.» 

Stanley Hauge 16.05.2006 09:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart