hit til landet saman med foreldre eller slektningar. For barna betyr flukt eller flytting svært store omveltingar i livet. Då er det viktig korleis vi tek imot dei. Inkluderande skule Ein trygg og god oppvekst med ein inkluderande skule er avgjerande for framtida til den enkelte. I skulen set det krav til læraren, til skuleleiinga, til skulepolitikarane, til foreldra, til medelevane og til eleven sjølv. Positivt møte med arbeidslivet Når ein skal ut i arbeidslivet er ein også avhengig av at ein vert møtt positivt. Den enkelte arbeidssøkjar skal få vurdert sin kompetanse utan omsyn til etnisk bakgrunn. Der har bedriftsleiinga og arbeidstakarane eit stort ansvar. Kven kan delta? Målgruppa for konferansen er fylkespolitikarar, kommunepolitikarar, alle som arbeider innan skule, oppvekst, arbeid i privat eller offentleg regi. Elevane i skulen er også ei klar målgruppe. Påmeldingsfristen er 30. mai Nærmare opplysingar: Tove-Bente Johnsen 55 23 91 24 Liv Tvilde Laading 55 23 91 17 Ingvald Bastesen 56 17 81 43/909 27 402 Program og påmeldingsskjema (pdf) Invitasjon til konferansen (word)  Reuven Moskovitz (76), Vasile Ursache (86) og sonen Dimitru Ursachi, underheldt på konferansen i fjor. Dei er jødar, født i Romania, busett i Israel og engasjert i fredsarbeid.
 Reuven Moskovitz er historikar og menneskerettskjempar. Han emigrerte frå Romania til Palestina i 1948 etter forfølging og Holocaust. Han er ein pådrivar for fleire fredsprosjekt i Midt-Austen og fortalte om dette på konferansen i fjor og fekk deltakarane til å knytte symbolske band med hendene.
Les intervju som Georg Øvsthus gjorde med Reuven Moskovitz i Bergens Tidende med tittel ”Europa svikter”, etter vitjinga i Bergen i fjor Les om korleis Reuven Moskovitz brukar musikk for fred på nettsidene til Raftohuset |