Hordaland fylkeskommune meir enn doblar fornyinga av dekke på fylkesvegane i år. 101 km fylkesveg skal få nytt dekke i 2006 medan det i fjor var 43,5 km som vart nyasfaltert.
– Dette krafttaket er mogeleg etter at fylkestinget i tillegg til å auka buds
Solid steg i rett lei
– Nær 6 % av fylkesvegane vil få nytt dekke i år. I høve til vegvesenet si norm om at ein bør asfaltera 70 km eller 4 % av fylkesvegane kvart år, tek vi i år såleis ei solid steg i rett lei for å betra vegstandarden, seier fylkesordføraren.
Distriksvis
Fordelt på vedlikehaldsdistrikta til Statens vegvesen er asfaltprogrammet slik, med tala for 2005 i parentes:
Bergen distrikt 43 km (18,5 km)
Voss og Hardanger distrikt 41 km (15 km)
Haugaland og Sunnhordland distrikt 17 km (10 km)
Tilbodsprisar avgjer
Arbeidet med asfaltlegging vert lagt ut på tilbod. Nøyaktig kor mykje asfalt som vil verta lagt, er avhengig av tilbodsprisane.
I samband med nyasfalteringa vil det også verta vøle av stikkrenner, kantar, murar og grøftereinsk der dette er nødvendig.
Planlagde strekningar
Statens vegvesen si liste over planlagde strekningar som skal asfalterast oppført distriktsvis, kan du laste ned her.
Ver obs på at i Bergen distrikt er også Gulen med på lista, asfaltprogrammet der er det Sogn og Fjordane fylkeskommune som finansierer.