Fylkestinget føreset at sal av ein del av dei eksisterande lokala kan delfinansiere nybygg og at ein ny skule vert meir økonomisk effektiv enn den noverande skuleorganiseringa. Det er vidare eit mål at ein ny skule skal gje lærarane gode arbeidsvilkår og elevane større fagleg fleksibilitet.
Voss jordbruksskule framleis eigen skule
Fylkesrådmannen tek sikte på å leggje fram ei sak til fylkestinget våren 2007 der faglege og økonomiske føresetnader for ei samanslåing og samlokalisering av skulane på Voss vert vurdert. I utgangspunktet ser fylkesrådmannen det som mest naturleg at Voss jordbruksskule held fram som eigen skule (ev. med nokre justeringar av det pedagogiske tilbodet), og at dei andre skulane vert slått saman til ei eining , heiter det i saksutgreiinga.
Styrkja samarbeidet
Før utbygging og samanslåing kan gjennomførast må skulane på Voss styrkja samarbeidet på dei områda der det er føremålstenleg, og gjennomføre ei økonomisk innsparing.
Fylkestinget har vedteke at skulane frå og med skuleåret 2006/2007 må setja i verk samarbeidstiltak som gjer at dei på årsbasis sparer inn kr. 800 000. Tiltakspakka kan oppsummerast slik:
a) Samarbeid om framandspråkundervisning mellom Voss gymnas og Voss husflidskule. Når kunnskapsløftet er fullt ut gjennomført i 2008, kan ein rekne med at dette vil ha ein samla innsparingseffekt på ca. 400 000.
b) Ymse andre tiltak som i sum har ein innsparingseffekt på ca. 400 000, bl. a. eit samarbeid om økonomi og samfunnsfag mellom Voss gymnas og Voss vgs. på denne studiespesialiseringa.
Av dei innsparde midlane får skulane sjølv behalde halvparten (400 000) til bruk for felles samarbeidstiltak retta inn mot elevane. (Dette punktet vart vedteke med 49 mot åtte (SV og RV) røyster.)
I ein felles protokollmerknad frå SV, RV, Ap, V og Sp heiter det: « SV, RV, Ap, V og Sp meiner at ei samlokalisering av skulane på Voss ikkje skal medføra at klassane i Granvin vert flytta til Voss.»