Tilrår utvida bompengeinnkrevjing for E39 over Stord

Hordaland fylkesting går inn for at bompengeinnkrevjinga for E39 Boravik-Sandvikvåg, Stord, vert auka frå 80 mill. kr til 100 mill. kr, og held fram ut den opphavelege innkrevjingsperioden til om med 2008.

Fylkestinget føreset at dei statlege løyvingane til prosjektet vert auka tilsvarande auken i bompengeinntektene.

160 millionar kroner
Den vedtekne innkrevjinga av bompengar til utbetring av E39 over Stord gjeld 80 mill. kr i  perioden 2002 – 2008, av ein samla prosjektkostnad på 160 mill. kr.
 Bompengeinntektene på 80 mill. kr ligg det an til å nå i løpet av 2. halvår 2007, og med innkrevjing ut 2008 kan summen verta 100 mill. kr.

I handlingsprogrammet til Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2006-2009 er lagt opp til eit utvida finansieringsopplegg for prosjektet der samla ramme for E39 Boravik-Sandvikvåg vert utvida frå 160 mill. kr. til 200 mill. kr, der bompengeinntektene vert auka frå 80 mill. kr til 100 mill. kr.

Ny bompengesøknad
I saksutgreiinga frå fylkesrådmannen, heiter det også: «For å få ein gjennomgåande lik standard på heile vegstrekninga mellom Sandvikvåg og Jektevik,  må dei økonomiske rammene i ein seinare fase ytterlegare utvidast utover 200 mill. kr. Fylkesrådmannen vil vurdere å fremje ein ny bompengesøknad for dette føremålet. Ein eventuell slik bompengesøknad må samordnast med opplegget for lokal delfinansiering av prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal.»

Stanley Hauge 14.06.2006 11:56
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart