Meir til skular, vegvedlikehald, næring og kultur

Fylkestinget i Hordaland har vedteke disponering av 61 mill. kr av fylkeskommunen sitt overskot på 65,3 mill. kr frå 2005. 20 mill. kr går til finansiering av tidlegare vedtekne investeringar. 41 mill. kr er løyvd til auka innsats innan opplæring, samfer

Eit fellesforslag frå Høgre, Fremskrittspartiet, Kristeleg Folkeparti og uavh. om fordeling av 41 mill. kr vart vedteke mot sju røyster (SV og RV). Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Venstre røysta subsidiert for fellesforslaget, etter at deira eigne forslag hadde falle.

Vedtekne påplussingar
Dei 41 mill. kr er i hovudsak fordelt til investeringar eller budsjettpostar med investeringsmessig karakter. Fordelinga er slik:

– 20 mill.kr  til opplæringssektoren fordelt med 10 mill. kr til undervisningsutstyr og 10 mill. kr til IKT-utstyr ved skulane.

– 15 mill. kr til samferdsel fordelt med 12,5 mill. kr til vegdekke og vedlikehald av fylkesvegane. 2,5 mill. kr til utbetring av fylkesvegen til Bruvik på Osterøy.

– 4,5 mill. kr til næringsutvikling øyremerkt tilskot til ruteutviklingsfond Flesland.

– 1,5 mill. kr til kultur, fordelt med 0,5 mill. kr kulturminnevern, 0,5 mill. kr til fordeling til frivillige lag og organisasjonar, og 0,5 mill. kr disposisjon for kultur- og ressursutvalet.

Fellesforslag Ap, SV og SP
Ap, SV og Sp fremja felles forslag til fordeling av 32,5 mill. kr.
 I deira forslag var det sett av 5,5 mill. kr for å oppheva ordninga med samordning av skulereisekort og ungdomskort. 17 mill. kr til opplæringssektoren fordelt med 10 mill. kr til IKT-utstyr ved skular, 4 mill. kr til bygningsopprusting og 3 mill. kr til spesialundervisning.  2 mill. kr var føreslege til bygging av kulturhus, 1 mill. kr til fjerning av oppstartstillegget i transportordninga for funksjonshemma og 7 mill. kr til fylkesvegvedlikehald.
 Forslaget fekk 23 røyster (AP, SV og Sp) og fall.
 Til ruteutviklingsporsjekt Flesland føreslo Ap og Sp 6 mill. kr.  Forslaget fekk 17 røyster (AP og Sp) og fall.

Forslag frå Venstre
Venstre føreslo slik fordeling av 41 mill. kr: Kultur 2,5 mill. kr, samferdsel 16,5 mill. kr, opplæring 20 mill. kr og ruteutvikling Flesland 4,5 mill. kr.
 Venstre ville fordela samferdselssatsinga  med 7,5 mill. kr til tiltak for kollektivtrafikken, 4 mill. kr til fylkesvegvedlikehald og 2,5 mill. kr til fylkesvegen til Bruvik, Osterøy.
 Auken til opplæring ville Venstre fordela med 7,5 mill. kr til undervisningsutstyr, 7,5 mill. kr til IKT-utstyr og 5 mill. kr til lærartimar, spesialundervisning og drift.
 Venstre sitt forslag fekk partiet sine to røyster og fall.

Stanley Hauge 13.06.2006 15:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart