Jubileumsfest for elevane i Fyllingsdalen

Elevane ved Fyllingsdalen videregående skole fekk 30.000 kroner til å lage sin eigen jubileumsfest som avslutning på skuleåret. – Her er det kjempefint. Vi hadde ikkje trudd at det skulle bli så bra, seier systrene Sadiya og Fesla Sakin som var russ i år.

På skuleplassen i skuletida
Jubileumsfesten til elevane vart skipa til på skuleplassen i skuletida på den siste dagen alle var samla før ferien. I fjor feira skulen 25 årsjubileum, og rektor Per Morten Nordbotn fortel at dei tilsette hadde sin fest då, så no var det elevane sin tur. Skulen gav 20.000 kroner og elevrådet 10.000 til elevfesten.

Leiketøy for store barn
– Vi har bestemt alt sjølv, fortel leiar av festkomiteen Jin Sigve Mæland. – Det er mykje vi kunne gjort for 30.000 kroner, men vi fann ut at vi ville ha festen her på skuleplassen i nærmiljøet for alle elevane. Opplegget vårt er ei blanding av 17. mai, tivoli og fest. Vi har satsa på leiketøy for store barn som sumobryting, gladiatorkamp og rodeo. Det er premie til alle som er med, seier Mæland. I tillegg var det sykkelløp og trylleshow ved Mikael Hedne, som er elev ved skulen. Utstyr til aktivitetane har festkomiteen leigd inn.  Den musikalske underhaldninga tok skulens eige orkester seg av.

Mange hundre pølser
Og sjølvsagt var det matservering, pølser, sukkerspinn, popkorn og anna. Alt saman gratis. Det var berre å forsyne seg. Lærar ved skulen Karen Kristine Rasmussen var travelt oppteken med å grille pølsene.
– Eg veit ikkje nøyaktig kor mange pølser vi har grilla, men det må vere mange hundre, seier Rasmussen.

Nøgd rektor
Rektor Nordbotn var svært nøgd.
– Elevane har gjort alt saman sjølv. Dette er 100 prosent elevstyrt. Dei har gjort ein kjempejobb, er honnøren frå rektor.

Jubileumsfesten var laga til av Astrid Rambøl (økonomiansvarleg og sekretær), Jin Sigve Mæland (leiar), Sindre Vikane (teknisk ansvarleg) og Kristine Maal (nestleiar).
Jubileumsfesten var laga til av Astrid Rambøl (økonomiansvarleg og sekretær), Jin Sigve Mæland (leiar), Sindre Vikane (teknisk ansvarleg) og Kristine Maal (nestleiar). (Alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Gladiatorkamp
Gladiatorkamp.
Gladiatorkamp
Fallhøgda er stor

 Rodeo
 Rodeo: Riding på okse.....

Rodeo
....til ein fell av.

Sumobryting
Sumobryting....

Sumobryting
 ...til ein ligg på bakken.

Lærar Karen Kristine Rasmussen hadde ikkje tal på kor mange pølser ho grilla.
Lærar Karen Kristine Rasmussen hadde ikkje tal på
kor mange pølser ho grilla.

Skulens eige orkester underheldt
Skulens eige orkester underheldt.

 

Bjarte Brask Eriksen 20.06.2006 11:24
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart