Hauge-Tveitt jubileet 2008 AS er stifta

Onsdag 31. mai vart aksjeselskapet Hauge-Tveitt jubileet 2008 skipa i Bergen. Selskapet skal inspirera, leggja til rette for og planleggja eit breitt spekter av tiltak og arrangement som set fokus på kunstnarane Olav H. Hauge og Geirr Tveitt sitt skaparve

Jubileet skal innehalda eit mangfald av tiltak og arrangement i samarbeid med eit breitt spekter av kulturinstitusjonar både nasjonalt og internasjonalt.

Biletet viser representantane frå alle stiftarane av Hauge-Tveitt jubileet 2008. Frå venstre: Ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Kvam herad), Geir Botnen (Stiftinga Haringtonar), Lorentz Reitan (Stiftelsen Harmonien), Magnar Lussand (Olav H. Hauge Stiftinga), Oddny Miljeteig (Bergen kommune), styreleiar Agnar Høyseæter, ordførar Jon Olav Heggseth (Ulvik herad) og leiar i kultur- og ressursutvalet Georg Indrevik (Hordaland fylkeskommune). (Foto: Stanley Hauge, Hordaland fylkeskommune.)

Stiftarane
Aksjekapitalen i selskapet er på 100 000 kr og fordelt på 200 aksjar.
 Aksjekapitalen fordeler seg slik mellom stiftarane av selskapet: Hordaland fylkeskommune 17 500 kr, Bergen kommune 17 500 kr, Kvam herad 17 500 kr, Ulvik herad 17 500 kr, Olav H. Hauge stiftinga 10 000 kr,  Stiftelsen Harmonien 10 000 kr og Stiftinga Hardangertonar 10 000 kr.

Styre
Selskapet sitt styre er slik samansett, med personlege varemedlemer i parentes:

Styreleiar: Agnar Høysæter (Magnar Lussand)
Styremedlem: Gunnstein Akselberg (Idar Stegane)
Styremedlem: Ingebjørg Astrup (Ronny Skaar)
Styremedlem:  Lorentz Reitan (Henning Målsnes)
Styremedlem: Guri Hjeltnes (Harald Gorm Johnsen)
Styremedlem: Borghild Storaas Ones (Reidar Storaas)
Styremedlem: Oddny Miljeteig (Gyri Skre)

Diktaren Olav H. Hauge og komponisten Geirr Tveitt er to av fremste skapande kunstnarane i Hordaland, og dei vert jamleg brukte nasjonalt og internasjonalt. Lokalt vert dei markerte, Tveitt ved festivalen Hardingtonar og Hauge ved Ulvik Poesifestival/Olav H. Hauge-dagane. Samtidig er begge å finna på repertoaret til dei største utøvande kunstnarane og ved dei viktigaste framføringsinstitusjonane i landet.

Meir informasjon om jubileet (pdf-fil)

Tekst og foto: Stanley Hauge 02.06.2006 14:51
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart