Arbeidsgruppa for konferansen: Seniorrådgjevar Ingvald Bastesen (f.v.), rådgjevar hos Fylkesmannen Inger Synnøve Moi, psykolog Svein Ramung, prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune Petter Borthen, Liv Monica Håkansson i oppvekstetaten i Bergen kommune og Ragnhild Aasvang frå Integrerings- og Mangfaldsdirektoratet (IMDI Vest).(foto: Bjarte Brask Eriksen)
Basketballspelar
Rundt 130 deltakarar blir med på den fleirkulturelle konferansen på Hotell Norge i Bergen måndag 12. og tysdag 13. juni som Hordaland kommune og samarbeidspartnarar inviterer til. Den kjende basketballspelaren, Marco Elsafadi, er eitt av trekkplastera. Han er sentral i organisasjonen New Page og vart tidlegare i år kåra til ”Årets forbilde” av ”idrettsnorge”. Under temaet ”I have a dream” skal han fortelje om utfordringa med å lage eit samfunn med likeverd for alle.
Store omveltingar
Den femte Vestlandskonferansen tek opp situasjonen til barn og unge som av ulike årsaker kjem som flyktningar og asylsøkjarar til Norge. Nokre av dei er einslege, andre kjem saman med foreldre eller slektningar, men felles for alle er store omveltingar i livet deira. Dei veit ikkje at dei skal flytte, kvifor dei flyttar og kva dei kjem til. Korleis desse blir mottekne i det nye samfunnet har mykje å seie for korleis det skal gå med dei.
Kva gjer staten?
Statssekretær Laila Gustavsen i Arbeids- og inkluderingsdepartementet skal fortelje om kva staten gjer for å betre tilhøva til barna. Psykolog Svein Ramung og høgskulelektor Siv Førde skal ha innlegg om korleis barna opplever flyttinga og kva problem dei slit med. Osmund Kaldheim, direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) skal ta føre seg arbeidet dei gjer for at barna skal ha det så godt som mogeleg.
Framtidas yrkesutøvarar
Eit anna viktig tema er at desse innvandrarane er framtidas yrkesutøvarar. Aetat, LO og NHO stiller til paneldebatt med Hilde Wessel Clausen, Aetat, Onur Safuk Johansen, LO og Siri Røine, NHO, i panelet.
Eit anna interessant tema står Elvis Chi Nwosu for. Han er innvandrar frå Afrika, tillitsvald i Fagforbundet og jobbar i barne- og familieetaten til Oslo kommune. Han er kritisk til rolla den norske skulen har til innvandrarbarn. Elvis Chi Nwosu hevdar at skulen er nøgd når den har klart å lære barna å lese og skrive norsk, men han ønskjer at skulen skal ta større ansvar. Det vil han utdjupe på konferansen.
Fargespill og trommegruppe
Fråfall i den vidaregåande skulen er eit problem som elev ved Laksevåg vidaregåande skule, Armin Amookhthe skal ta opp saman med prosjektleiar Petter Borthen i Hordaland fylkeskommune. I tillegg blir det innspel frå Fargespill, ei gruppe barn og unge frå 19 land og trommegruppa Forza, som er ungdommar knytt til SOHO-prosjektet (Se oss, hør oss). Ungdommane i SOHO budde som asylsøkjarar i fem år i Bergen, før dei fekk løyve til å bu i Norge. No kjempar dei for saka til dei resterande 230 barn og unge her i landet som framleis ventar på svar på asylsøknaden.
Føregangsfylke
Konferansen har forankring mellom anna i Regjeringa sin handlingsplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006) og handlingsplanane til Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune for integrering av flyktningar og asylsøkjarar. Hordaland har vore føregangsfylke med å utvikle tiltak for å betre integreringsarbeidet og har utvikla Hordalandsmodellen som er velkjend over heile landet og som utlandet og har byrja vise interesse for.
Program for konferansen