Det var Monica Nilsen (Frp) som tok opp saka i fylkesutvalsmøtet 22. juni. Ho sett på vegner av Fremskrittspartiet, Høgre og Krsiteleg folkeparti fram eit forslag til fråsegn. Fråsegna vart samrøystes vedteken av fylkesutvalet.
Monica Nilsen (Frp) sette i fylkesutvalet 22. juni fram forslag til fråsegn om at politibåten i Hordaland må vera operativ heile året.
Må prioriterast
I fråsegna viser fylkesutvalet til at politibåten i Hordaland i lange periodar har vore heilt ute av drift grunna motorhavari og/eller manglande ressursar. Fylkesutvalet oppmodar på det sterkaste om at sjøtenesta i distriktet vert prioritert og at politibåten i vert operativ heile året.
Fråsegna
Fylkesutvalet vedtok å senda denne fråsegna til Hordaland politikammer:
«POLITIBÅTEN I HORDALAND
Hordaland fylke er eit vidstrakt kystfylke med stor aktivitet i sjøområda. Hordaland fylkeskommune har over tid vore uroa over svært avgrensa, og til dels manglande beredskap i sjøtenesta i Hordaland politidistrikt.
I lange periodar har politibåten i Hordaland vore heilt ute av drift grunna motorhavari og/eller manglande ressursar. Politibåten skal dekkje eit stort sjøområde frå grensa mot Sogn og Fjordane til Rogaland. Samstundes aukar ferdsla i sjøområda, ikkje minst innan fritidsbåt-segmentet.
Etter det fylkeskommunen er kjend med er politibåten for tida igjen ute av drift. Hordaland fylkeskommune vil difor be Hordaland politidistrikt om ei orientering for statusen til politibåten sommaren 2006, og på det sterkaste oppmoda om at sjøtenesta i distriktet vert prioritert og at politibåten i Hordaland vert operativ heile året.»