Hordaland fylkesting har løyvd 4,5 mill. kr til ruteutviklingsprosjekt for Bergen lufthamn, Flesland (RUFF). Vedtaket er gjort med 47 mot 10 (SV, RV, V) røyster.
Fleire flyturistar til Hordaland
Målet med Ruteutviklingsprosjektet er å medverka til å få fleire utanlandske flyturistar til Hordaland og oppnå positive ringverknader i fylket. Ruteutviklingsprosjektet legg opp til ein samla auke på 400 000 reisande over Flesland i treårs perioden 2006-08. Det er eit mål å halda på dei direkte flyrutene som allereie er komne over Bergen og utvikla nye ruter. Potensialet for brutto økonomiske ringverknader av prosjektet er i søknaden rekna ut til kr 255 mill.
Søkjer om 10,9 millionar kroner
Ruteutviklingsforum for Bergen Lufthavn, Flesland, RUFF) har søkt fylkeskommunen om totalt kr 10,8 mill. over tre år til eit omfattande Ruteutviklingsprosjekt med eit samla budsjett på kr 20 mill.
Fylkestinget gjev i vedtaket sitt ikkje tilsegn om løyving ut over dei 4,5 mill. kr som no er løyvd. Under sakshandsaminga i fylkestinget vart det sagt at ein eventuelt vil sjå kva det vert høve til å innarbeida i seinare års budsjett.
I finansieringsplanen er det ved sida av tilskot på 10,8 mill. kr frå fylkeskommunen lagt opp til 4,0 mill. kr frå Bergen kommune, 3,0 mill. kr frå Innovasjon Noreg og 2,25 mill. kr frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Samla budsjett for åra 2006-08 er på 20,05 mill. kr.