Lyngheisenteret på Lygra i Lindås får ettergjeve lånet på 18,6 mill. kr som senteret skuldar fylkeskommunen. Fylkestinget har vedteke å sletta kravet frå det tidspunkt Lyngheisenteret vert ein del av den konsoliderte museumseininga med m.a. Museumssentere
Informasjonssenteret ved Lyngheisenteret er m.a. mellombels finansiert ved bruk av fylkeskommunen sin likviditetsreserve og planen var å dekkja dette med tilskot frå staten. Slike tilskot har ein ikkje fått.
Lyngheisenteret er no ein del av konsolideringsprosessen i museumssektoren i Nordhordland. Styret for Lyngheisenteret har godkjent avtale om å gå inn i den konsoliderte eininga saman med m.a. Museumssenteret i Salhus.
Fylkestinget ser positivt på denne utviklinga og ettergjev med bakgrunn i dette utlånet på 18,6 mill. kr og slettar pantesikringa for utlånet ved Lyngheisenteret.