Mellom sakene til fylkestinget er ei fleire årsmeldingar, rekneskapen for 2005, budsjettjusteringar for 2006 og økonomirapport for dei 4 første månadene i år. Fylkesdelpanen «Deltaking for alle – universell utforming» står på saklista. Det same gjer ei rekkje saker innan samferdsel, opplæring og kultur, pluss revisjons- og valsaker.
Saksliste fylkestinget
Sakslista og saksdokumenta til fylkestinget er tilgjengeleg på internett.
Kjøreplan for fylkestinget 13.-14. juni 2006 (rtf-fil)
Desse sakene kjem opp til handsaming:
20/06 Godkjenning av årsrekneskap 2005 for Hordaland fylkeskommune
21/06 Budsjett 2006 - endringar
22/06 Strategi for finansforvaltninga i Hordaland – endring av reglement. Rapport om finansforvaltninga i 2005
23/06 Omstillingsprogrammet - Prosjekt 11 Eigedomsforvaltning
24/06 Læring og digital kompetanse 2006 - 2010 - Program for e-Læring i Hordaland fylkeskommune
25/06 Restrukturering av skular på Voss
26/06 Omstillingsprogrammet - Rapport frå Bjørgvin vgs. avd. Kyrre, Kvinnherad vgs., avd. Valekrossen skule og Ulriken skolesenter, avd. Vestlund og logopedisk klinikk
27/06 Implementering av 4. og 5. opplæringsår
28/06 Årsmelding 2005 kontrollutvalet
29/06 Forvaltningsrevisjon - fylkesvegar - forskotteringsprosjekt.
30/06 Søknad om forskottering frå Fusa kommune til utbetring / opprusting av Fv 122 på strekninga Skåte-Fusa
31/06 Utviding av bompengeordninga for E39 Boravik-Sandvikvåg
32/06 Trafikksikringstiltak på ny Fylkesveg på Hundvåkøy, Austevoll kommune - Søknad om tilskot /forskottering
33/06 Forskottering av utbetringstiltak på Fv Håkonshellavegen, Bergen kommune
34/06 Forslag til riksvegbudsjett 2007
35/06 Årsmelding 2005 - Statens vegvesen Region Vest
36/06 Deltaking for alle - universell utforming - Framlegg til fylkesdelplan
37/06 Tusenårsstaden i Hordaland sluttfinansiering
38/06 Fylkeseldrerådet - suppleringsval
39/06 Utflytting frå fylket og fritak frå verv - nyval og suppleringsval
40/06 Søknad om fritak frå verv
41/06 Årsmelding 2005 - Hordaland fylkeskommune
42/06 Tertialrapport pr. 30. april 2006 - rekneskapsprognose
43/06 Ruteutviklingsprosjekt for Bergen Lufthavn, Flesland
44/06 Industriell produksjon av flaskevatn på Hovland, Ullensvang - Søknad om tilskot til investering i kommunal infrastruktur
45/06 Ny sentrumsskule i Bergen - intensjonsavtale om tomtekjøp
46/06 Utleige av bygningsmassen ved tidlegare vestlandsheimen til Kriminalomsorgen region vest.
47/06 Forvaltningsrevisjon - skulehelsetenesta i vidaregåande skule
48/06 Søknad om fritak frå fylkeskommunale verv
49/06 Søknad om permisjon frå likningsnemnda
50/06 Oppnemning av medlem i koordineringsutvalet/styret for Vestkystparken
Opplærings- og helseutvalet
Opplærings- og helseutvalet skal ha møte på Stord hotell måndag 12. juni kl. 11.00 for m.a. å handsama fylkestingssak 45/06 Ny sentrumsskule i Bergen – intensjonsavtale om tomtekjøp.
Fylkesutvalet
Fylkesutvalet skal ha møte tysdag 13. juni kl. 16.15 på Stord hotell for å handsama og gje innstilling til fylkestinget i sakene 35 og 42-50 på sakslista til tinget (sjå ovanfor).
Presentasjonar
Onsdag 14. juni skal direktør Nina Broch Mathisen orientera fylkestinget om Innovasjon Norge sitt arbeid for næringslivet i Hordaland. Det vert også orientering om Ungdommens fylkesutval sitt arbeid og handlingsprogram ved Jan Arthur Nilssen.
Saker og kjøreplan
Saksdokumenta til møta i fylkestinget, fylkesutvalet og opplærings- og helseutvale finn du her.
Kjøreplan for fylkestinget 13.-14. juni 2006 (rtf-fil)