Fylkestinget fryktar ny Sellafield-drift utan at anlegget er nødvendig sikra

Fylkestinget i Hordaland er uroa over meldingane om at eigarane av Sellafield vurderer å starta opp att atomattvinningsanlegget THORP allereie i inneverande år. Fylkestinget fryktar at anlegget vert sett i drift att utan at alle naudsynte oppgraderingar e

Held oppe presset
Tryggleik og miljøomsyn må styre aktiviteten ved Sellafield, meiner fylkestinget.

Fylkestinget i Hordaland forventar at statsrådar, regjering og Storting held oppe presset mot den britiske staten for at dei skal innfri forpliktingane i OSPAR-avtalen frå 1998 der utslepp av radioaktivt materiale til det marine miljø skal vere nær null i 2020, heiter det i fråsegna som  fylkestinget har vedteke å senda Regjeringa.

Forslaget til fråsegn vart sett fram av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Fråsegna lyder:
«Tryggleik og miljøomsyn må styre aktiviteten ved Sellafield

Fylkestinget i Hordaland er uroa over meldingane om at eigarane av Sellafield vurderer å starta opp att atomattvinningsanlegget THORP allereie i inneverande år. I 2005 vart anlegget stengd etter ein større lekkasje, og i samband med dette vart det avdekka trong for omfattande tryggleiksforbetringar i anlegget. Utan desse forbetringane utgjer THORP på Sellafield ein risiko både for ulukker og terroråtak som kan føre til store utslepp av radioaktivt materiale, og fylkestinget fryktar at anlegget vert sett i drift att utan at alle naudsynte oppgraderingar er gjennomført.

I THORP vert uran og plutonium utvunne frå brukt atombrensel både frå britiske og utanlandske kjernekraftverk. Frå oppstart i 1994 har det vore ulike problem med drifta, og anlegget har ikkje kunne reprosessere dei mengdene eigarane har forplikta seg på. For brukt atombrensel som alt er på Sellafield kan handsaming på staden vere det beste ut frå tryggleik og miljø, men aktiviteten bør ikkje aukast ved inngåing av nye kontraktar for reprosessering av atomavfall.

Dei ulike anlegga på Sellafield vil i lang tid vere ein miljø- og risikoutfordring både for Storbritannia og nabolanda, og det er svært viktig å halde oppe det politiske og folkelege engasjementet internasjonalt slik at britane vert tvinga å styre aktiviteten ved anlegga ut frå tryggleik og miljøomsyn. Mellom anna er det viktig at opprydningsarbeidet tek den naudsynte tida til at dette vert gjort på ein trygg måte med lågast mogeleg utslepp av radioaktivt materiale til omgjevnadene.

Fylkestinget i Hordaland forventar at statsrådar, regjering og Storting held oppe presset mot den britiske staten for at dei skal innfri forpliktingane i OSPAR-avtalen frå 1998 der utslepp av radioaktivt materiale til det marine miljø skal vere nær null i 2020.»

Stanley Hauge 14.06.2006 15:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart