
Leiar i fylkestinget for Cardiff og omland, Rodney Berman, (midt på biletet), leier delegasjon frå Hordaland sitt venskapsfylke i Wales. Delegasjonen vart teken imot av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen. Frå venstre: Direktør for plan- og økonomiavdelinga - Paul Orders, Nigel Howells frå sport-, fritid- og kulturkomiteen, Torill Selsvold Nyborg, Rodney Berman, Tom-Christer Nilsen, direktør for markandsføring og turisme - Tom Morgan, og Simon Howell - operativ direktør i Cardiff hamnevesen.
Cardiff-delegasjonen
Leiar i fylkestinget for Cardiff og omland, Rodney Berman, leier delegasjonen på fem personar. Dei andre i delegasjonen er: Nigel Howells frå sport-, fritid- og kulturkomiteen, direktør for marknadsføring og turisme - Tom Morgan, direktør for plan- og økonomiavdelinga - Paul Orders, og Simon Howell - operativ direktør i Cardiff hamnevesen.
Cardiff–Hordaland
Programmet tysdag 6. juni starta med møte mellom Cardiff-delegasjonen og Hordaland fylkeskommune. I tillegg til presentasjon av Hordaland, var tema her vitensenter, cruisetrafikk, den norske kyrkja i Cardiff og Roald Dahl-prosjektet der.
Cruisetrafikk
Neste stopp var hos Bergen og omland hamnevesen for nærare orientering om Bergen cruisehavn, etterfølgd av ein tur med båt i det indre hamneområdet.
Bergen vitensenter
Besøk ved Bergen vitensenter – Høgskolen i Bergen står på programmet onsdag føremiddag. Cardiff har hatt eit tilsvarande senter, Techniquest, sidan 1986. I samband med oppbygging av vitensenteret i Bergen er det i gang samarbeid med senteret i Cardiff.
Lenkje: Techniquest, Cardiff