
Delegasjonen frå Hordaland møtte fiskeriministeren: Inge Døskeland, leiar for verdiskaping i kystsona i Hordaland fylkeskommune (f.v.), fiskeriminister Helga Pedersen, fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, byrådsleiar Henning Warloe og ordførar i Austevoll, Helge Andre Njåstad. (foto: Jørgen Bortnen)
I delegasjonen frå Hordaland deltok, fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, vikarierande byrådsleiar i Bergen, Henning Warloe, ordførar i Austevoll, Helge Andre Njåstad, Jørgen Bortnen i Norsk Sjømatsenter, og Inge Døskeland, leiar for verdiskaping i kystsona i Hordaland fylkeskommune.
Forskingsstasjon i Austevoll
Delegasjonen oppmoda fiskeriministeren til satsing på Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Austevoll. Ei oppgradering og utbygging til 150 millionar kroner er prosjektert og søkt om, men har ikkje fått løyving av Stortinget i årsbudsjetta for dei to siste åra. Det er eit sterkt ønskje frå Austevoll kommune og næringslivet for å behalde forskingsinstitusjonen og styrke den. Stasjonen har kunnskapsmiljø som er nært knytta opp mot næringslivet.
Fiskeriministeren kunne ikkje love at det kom løyving til styrking av forskingsstasjonen i budsjettet for neste år, men understreka at det heller ikkje er aktuelt å leggje ned havbruksstasjonen.
Nytt forskingssenter i Bergen
Det andre temaet delegasjonen tok opp gjekk på skiping av Norsk Fiskeri- og Matforsk (NOFIMA) frå 1. januar neste år. Stortinget har vedteke å opprette eit nytt marint næringsretta forskingssenter. Hovudkontoret skal liggje i Tromsø, med tre underavdelingar i Tromsø, Bergen og Ås.
I Bergen skal Fiskeriforsking, avdeling Bergen, inngå i det nye NOFIMA, men senteret i Bergen ser ut til å bli lite i høve til det som er planlagt dei andre stadene i landet. Dette skapar frykt for at næringslivets behov for forsking ikkje blir dekka og at forskinga blir kanalisert til andre stader i landet. Delegasjonen peika på at det er viktig å få store nok statlege overføringar slik at NOFIMA i Bergen blir tung nok.
Vestlandsprogrammet
Det tredje punktet var informasjon om Vestlandsprogrammet for oppdrett av nye artar. Hordaland fylkeskommune har teke initiativ til satsinga og alle fylka frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord har slutta seg til. Vestlandet ønskjer å vere i front innan oppdrett av nye artar som torsk, blåskjell, østers og kamskjell, etc. Fiskeriministeren lytta svært interessert til det delegasjonen fortalde.