Den nye eldreveven lansert

Den nye eldreveven vart opna av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen 1. juni. Eldreveven.no er ein nasjonal nettstad full av humoristiske, tankevekkjande, varme, underfundige, sterke og håpefulle tekstar av eldre menneske. Her finn du minne, meiningar

Eldreveven vart opna av fylkesvaraordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen. Lena Jensen i Hordaland fylkeskommune (midten) er prosjektleiar og Kari Kvam framførde eigne tekstar under opninga.
Eldreveven vart opna av fylkesvaraordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen. Lena Jensen i Hordaland fylkeskommune (midten) er prosjektleiar og Kari Kvam framførde eigne tekstar under opninga. (foto: Stanley Hauge)

Nasjonal nettstad
Eldreveven.no er ein nasjonal nettstad med kreative tekstar av og for eldre, og alle som er interessert i eldre sine ressursar. Eldreveven er støtta av ABM-utvikling og er Kulturnett Norge si satsing på eldre. Hordaland fylkesbibliotek driv nettstaden, og Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen står for produksjonen.

Kreative skrivekurs
Mange av tekstane på Eldreveven er eit resultat av arbeidet med kreative skrivekurs for eldre i Hordaland og fleire andre fylke. Kursa har vore både i og utanfor institusjonar, og kursdeltakarane har vore frå 59 til 98 år. Skrivekursa er tufta på grunnidear om at alle menneske sit inne med skapande evner og at kreativitet og talent ikkje er noko som forsvinn med alder. Skrivekursa er ein meiningsfylt og positiv aktivitet for deltakarane, og skapar tekstar med stor verdi for oss som lesarar.

Tekstar frå heile landet
Målet er at Eldreveven skal bli ein nettstad med tekstar av eldre frå heile landet, og at fleire skal få oppleve kreativiteten og kvaliteten i bidrag frå eldre. På Eldreveven finn du dessutan meir informasjon om arbeid med eldre og kreativitet. Hordaland fylkesbibliotek har fått nye midlar frå ABM-utvikling i 2006 til å utvikle Eldreveven vidare, og vi vil arbeide med fleire tenester på nettstaden i tida framover.

Få deg ein god latter
- Klikk deg inn på Eldreveven.no, oppmodar prosjektleiar Lena Jensen ved Hordaland fylkesbibliotek. Her får du høyre stemmen til den delen av befolkninga som ikkje ropar høgast. Her får du høyre om kvardagen i ei anna tid, - om korleis det er å leve under ein krig, - om kjærleik, sakn og glede. På Eldreveven.no finn du tekstar om det meste av folk som har levd ei stund. Kanskje får du deg ein god latter. Kanskje blir du sittande undrande, - kanskje litt audmjuk.

Eldreveven.no

01.06.2006 16:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart