Brukarvenleg statistikk om Hordaland

Hordaland fylkeskommune har lansert ein ny og brukarvenleg statistikkteneste. Du kan hente fram data i interaktive tabellar og arbeide vidare med dei gjennom eigne diagram og tabellar.

Leiar for Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Hordaland fylkeskommune, Kathrin Jakobsen, feirar det nye statistikkverktøyet med kake.
Leiar for Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Hordaland fylkeskommune, Kathrin Jakobsen, feirar det nye statistikkverktøyet med kake. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Den nye statistikktenesta er tilgjengeleg på www.hordaland.no/statistikk

- Vi er først i Noreg av kommunar og fylkeskommunar med denne tenesta. På ein og same plass kan vi på ein enkel måte få fram relevante data om Hordaland i ferdigdefinerte tabellar. Dette er ein fin måte å formidle statistikk frå Hordaland på, sa Kathrin Jakobsen, gruppeleiar for Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Hordaland fylkeskommune under den offisielle opninga.
Det nye verktøyet vil mellom anna gjere det lettare å kome med innspel i arbeidet med fylkesplan. Her kan ein få data for heile fylket, ein region eller ein kommune. Ved hjelp av nokre få tastetrykk kan du få fram tabellar med data om mellom anna befolkning, areal, kompetanse og næring. Tabellane er interaktive. Du kan arbeide vidare med dei på nettsida og lage dine eigne diagram og tabellar.

Statistikken er basert på offisiell statistikk frå Statistisk Sentralbyrå, men Jakobsen understrekar at det finst mykje statistikk i Hordaland fylkeskommune innan opplæring, samferdsel og kultur som etter kvart og skal bli tilgjengeleg i denne tenesta

På nettsida til Tenesta finn du og ei god brukarrettleiing.

Meir informasjon om den nye statistikktenesta

Bjarte Brask Eriksen 19.06.2006 15:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart