Auka satsar og justerte retningslinjer for transport av rørslehemma

Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke justerte retningslinjer og auka tilskotet til brukarane av tilrettelagt transport (TT-ordninga) for rørslehemma. Brukarkvotane vert auka med 750 kr året for alle brukarane og eigendelen vert sett ned frå 25 % til 15 %

Brukartak
Fylkesutvalet har vedteke å oppretthalda brukartaket som seier at maksimalt 3,4 % av innbyggjarane i ein kommune kan koma inn under TT-ordninga. Men opnar no for at det skal vera mogleg å gjera unntak for kommunar med ventelister.

Retningslinjer
Fylkesutvalet har vedteke slike endringar i retningslinjene:

«Livsvarig»  brukargodkjenning
I samråd med legenemnda skal det fastsetjast kva brukargrupper som skal få «livsvarig»  brukargodkjenning.
Brukarar over 80 år med varig godkjenning (4 år) får godkjenninga omgjort til ”livsvarig” godkjenning. Det same gjeld for nye brukarar som kjem til etter fylte 80 år.

Auka kvotar
Kvotane vert auka med 750,- kr årleg, dvs 375,-kr per halvår for alle  brukargrupper. Brukarar med redusert kvote får tillegget redusert etter gjeldande retningslinjer.

Redusert eigendel
Eigendelen av turen sin  totale kostnad vert redusert til 15%. Eigendelen skal  ikkje vera mindre enn 15,-  kr.

Berehjelp
Fylkeskommunen refunderer utgifter til berehjelp etter rekning frå transportør.

Evaluering
Fylkesutvalet ber om at ei ny evaluering av ordninga, mellom anna ei ny brukarundersøking, vert lagt fram i byrjinga av 2007

Fylkesutvalet ber om å få framlagt sak  med gjennomgang av dagens 37 ulike brukargrupper med sikte på å redusere talet på desse. Dette skal skje i samarbeid med brukarorganisasjonane.

Oppstarttakst
Joril Christensen (AP) føreslo at fylkeskommunen også skulle refundera kostnadene med oppstartstakst etter rekning frå transporttør. Forslag fekk sju røyster (Ap, SV, Sp og V) og fall.

 På vegner av Frp, H og KrF sette Monica Nilsen (Frp) fram slikt forslag som vart oversendt fylkesrådmannen utan realitetsrøysting: «Fylkesutvalet ber adminsitrasjonen kostnadsrekna utgiftene til oppstarttakst i fylket, og leggja fram notat om dette til neste møte (23. august) i fylkesutvalet.»

Pressemelding med vedtak i fylkesutvalet 22. juni 2006 (rtf-fil)

Stanley Hauge 22.06.2006 16:34
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart