Agaparsellen på Rv 550 opnar 2. juni

Agaparsellen på riksveg 550 langs Sørfjorden i Hardanger opnar fredag 2. juni. Det vert opningsmarkering kl. 13.00-14.00 ved nordre enden av Agatunnelen. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg skal føreta den offisielle opninga.

Ny veg forbi Agatunet
Agaparsellen er på 3,8 km ny veg med ein 607 meter lang tunnel bak Agatunet. Det er også bygd ny parkeringsplass i området.

Anleggsarbeidet starta i januar 2005. Prosjektkostnaden er på ca. 85 mill. kr.

Opningsmarkering
Nå Musikklag spelar ved opningsseremonien. Prosjektleiar i Statens vegvesen, Odd Sæveraas ønskjer velkomen. Det vert helsing ved ordførar i Ullensvang herad, Solfrid Borge. Utbyggingssjef i Statens vegvesen, Kjartan Johan Hove, orienterer om prosjektet.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opnar vegen.

Stanley Hauge 01.06.2006 12:45
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart