Vurdering av lærarar, debatt med mistydingar

Delar av innhaldet i resolusjonen frå årsmøtet i Utdanningsforbundet i Hordaland om elevvurdering av lærarar, er eigna til å skapa mistydingar, meiner opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld. Nedanfor er hans kommentar til resolusjonen og den debatten som har

Vurdering av lærarar
Av opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld

«På årsmøtet til Utdaningsforbundet i Hordaland 10.-12.05. 2006 vart det vedtatt ein resolusjon vedrørande det fylkespolitiske vedtaket at det skal gjennomførast elevvurdering av lærarane i den vidaregåande skolen i Hordaland.

Mistydingar
Delar av innhaldet i resolusjonen er eigna til å skape mistydingar om den politiske avgjerda. Eg vil difor nemne nokre av dei generelle føringane som den politiske saka rommar: 

Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld

· Elevane si vurdering av lærarane sine er tenkt som eit opplegg på den enkelte skolen.
· Den enkelte skolen sitt opplegg skal skoleleiinga utarbeide i samarbeid med elevar og lærarar. Opplegget skal drøftast med bakgrunn i Hovudavtalen og Arbeidsmiljølova.
· Skolane står fritt i om og korleis dei vil bruke den spørsmålsmalen som skoleeigar har utarbeidd.
· Det er ikkje meininga å nytte vurderingsresultata til samanlikning av lærarane ved den enkelte skolen eller skolane imellom.
· Resultata av vurderingane skal i utgangspunktet vere rektor sin eigedom. Dei kan m.a. vere tema i medarbeidarsamtalar. Det er rektor sitt ansvar å syte for at det blir sett i verk eventuelle tiltak som oppfølgjing av vurderinga.

Ugrunna påstand
I ovannemnde resolusjon frå Utdanningsforbundet heiter det at den aktuelle vurderinga legg opp til ei «anonym ut-/innstemming og rangering av lærerne elektronisk». Det finst ikkje grunnlag for ein slik påstand i den politiske saka.

Prinsipielt positive
Utdanningsforbundet uttaler i resolusjonen sin at «evaluering av undervisningen er en selvfølge», og at lærarane er «avhengig av kontinuerlig tilbakemelding på sitt arbeid». Også Elevorganisasjonen har meldt si prinsipielt positive haldning til elevvurdering av lærarane. 

Detaljert informasjon
Etter samtalar med fagorganisasjonar, Elevorganisasjonen m.fl. vil eg tidleg neste skoleår gje skolane meir detaljert informasjon om korleis vurderinga skal gjennomførast. 

Tillit
Eg har stor tiltru til at ein på den enkelte skolen vil finne fram til vurderingsopplegg, som vil fremje elevane, lærarane og organisasjonen si læring og utvikling.»

Stanley Hauge 04.07.2006 14:18
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart