Vår gamle servar har avgått ein stille død

Vår gamle internettservar www.hordaland-f.kommune.no har avgått ein stille død sju og eit halvt år gammal. Det skjedde fredag 7. juli klokka 10.45, etter eit lengre sjukeleie. Vår nye internettservar www.hordaland.no har akkurat fylt eitt år og er oppegåa

Redaktør for nettsidene til Hordaland fylkeskommune, Bjarte Brask Eriksen, og IT-ansvarleg Ingunn Habbestad, skrur av straumen til www.hordaland-f.kommune.no.
Redaktør for nettsidene til Hordaland fylkeskommune, Bjarte Brask Eriksen, og IT-ansvarleg Ingunn Habbestad, skrur av straumen til www.hordaland-f.kommune.no.

Fredag 8. januar 1999 var Hordaland fylkeskommune på nett med www.hordaland-f.kommune.no. Etter det er nettilbodet gradvis blitt utbygt. Ny teknologi har kome, og den gamle servaren fekk behov for å pensjonere seg. Men før det kunne skje har det vore ei omfattande jobb med å flytte og tilretteleggje informasjon frå den gamle servaren og gjere den tilgjengeleg på den nye. No er det gjort, men framleis kan det finnast lenkjer til den gamle servaren. I tida framover kan det difor hende at du ikkje finn informasjon fordi du har kome fram til vår gamle servar og dermed til ei nettadresse som ikkje lenger eksisterer.

Oppdatert informasjon skal du finne på www.hordaland.no. I søkjemotorar kan du ei tid framover finne lenkjer til våre gamle sider, men etter kvart vil og desse lenkjene forsvinne frå søkjemotorane.

07.07.2006 15:49
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart