Fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune opplever i desse dagar ein stor auke i tal lærekontraktar. Til no er det teikna nær innpå 200 fleire lærekontaktar enn på same tidspunkt i 2005, som var eit ”toppår”.
– Dette er særs gledeleg, seier fagopplæringssjef Ole G. Fredheim. Det vil gje dei unge sjansar i arbeidslivet samstundes som næringslivet får tilført arbeidskraft dei sjølve er med på å lære opp.
Positiv situasjon på arbeidsmarknaden
Men kvifor går det så bra i år?
– Eg trur hovudårsakene både er den positive situasjonen på arbeidsmarknaden, samt betring av interne rutinar på fagopplæringskontoret. Det at vi i 2005 fekk med fleire nye verksemder som lærebedrifter er nok også noko av årsaka.
Avhengige av bedrifter
Ikkje alle har fått læreplassar, kva gjer de med det?
– Vi er avhengige av bedrifter som vil vere lærebedrifter. Spesielt gjeld dette i fag der vi har fleire ungdommar som ikkje har fått læreplass. Men også fleire kommunar og offentlege kontor kan med fordel bli gode lærebedrifter. Dei kan alle vende seg til fagopplæringskontoret, og vi vil då hjelpe til med å få dei registrert. Det er ikkje nokon lang, omstendig prosedyre for å få dette til, men vi er avhengige av at bedrifter/offentlege kontor har faglært arbeidskraft som kan ta av seg opplæringa.
Les kva Bergens Tidende skriv om saka