Sju elevar ved Bergen maritime videregående skole og to ved Bergen maritime tekniske fagskole har fått stipend på 5000 kroner kvar for god innsats frå legatet til hamnefogd Lars Iversen og frue.

Assisterande rektor Gjermund Kolle (f.v.), stipendiatane: Kjersti Lokøy, Andre Hillestad, Sverre D. Sjonbotten, Morten Smøraas og rektor Bjørn Kr. Jæger. Den femte stipendiaten, Øyvind K. Grønås, var ikkje til stades.
Rektor Det var rektor Bjørn Kristian Jæger som delte ut stipenda til Sverre Drange Sjonbotten, Andre Hillestad, Øyvind Kolbjørnsen Grønås, Kjersti Lokøy, Morten Smørås, Ståle Torsvik og Per Martin Nilsson. Innsats Påskjønninga er gjeve for både fagleg og sosial innsats. |  Dei to stipendiatane ved den maritime fagskulen: Per M. Nilsson (t.v.) og Ståle Torsvik.
|
Kriteria for tildeling frå legatet er gode skuleresultat, eit spesielt engasjement i klassen og på skulen utover den faglege innsatsen, samt lite fråvær.
Godt nøgd
Rektor Bjørn Kristian Jæger er godt nøgd med elevkullet og opplyser at det var svært mange gode kandidatar til desse legatporsjonane.