I juni reiste 7 440 passasjerar over Stord Lufthamn. Dette er ein auke på 1 473 passasjerar eller 25% i høve til same månad i fjor.
2 279 passasjerar reiste med Coast Air sine rutefly til/frå Oslo medan 4 761 reiste med charterfly.
35 % vekst første halvår
I fyrste halvår 2006 har det reist 40 022 passasjerar over lufthamna. Dette er ein auke på 10 310 passasjerar eller 35% i høve til same periode i fjor. Lufthamnstyret har som mål å nå 75.000 reisande i 2006.
Stanley Hauge 25.07.2006 08:47