– Det blir lettare å søkje og enklare for oss å bearbeide skjema, seier nestleiar ved Kulturavdelinga i Hordaland fylkeskommune, Ronny Skaar, etter at dei to første elektroniske skjema for kulturell stønad er lagt på nett.
Ronny Skaar (t.h.) ved Kulturavdelinga i Hordaland fylkeskommune har fått hjelp av Bjarte A. Bakke i Karabin AS til å få dei to første elektroniske skjema på nett. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Pilotprosjekt
Kulturavdelinga har gjennomført eit pilotprosjekt med å legge elektroniske søknadsskjema for kulturell støtte ut på internett. I første omgang er dei to skjema ”Søknad om støtte til tiltak for born og unge” og ”Søknad om stønad til ålmenne kulturformål” lagde ut.
Betre oversikt
– Med elektronisk søknad får vi betre oversikt over søkjarane og kva pengane skal gå til. I eit lengre perspektiv får vi oversikt over fordelinga av midlar innan sjanger, type søkjarar og innan region. Dermed kan vi lage statistikk til politikarane som vedtek kven som skal få støtte, og kan innrette støtte etter behov og signal, seier Skaar.
Betre service
Skaar meiner det er viktig å lage gode ordningar for søkjarane.
–Vi er nøyde til å forholde oss til at elektroniske skjema er på full fart inn i kvardagen vår. Det blir enklare å søkje om støtte, og dermed gjev vi betre service til brukarane. Med dei to første skjema får vi erfaring og kompetanse slik at vi på sikt kan få lagt ut fleire skjema.
Utfordring
Skaar ser store fordelar med elektroniske skjema.
– Elektroniske skjema er ei utfordring for oss i fylkeskommunen. Vi må bli flinkare til å fokusere på gevinstar ved innføring av nye IT-system. Vi sparer både tid og pengar med elektroniske skjema. Det gjer arbeidet for oss meir rasjonalt og effektivt, samstundes som vi får større oversikt og kan planlegge etter det, seier Ronny Skaar.
Elektroniske skjema finn du på www.hordaland.no/tilskot.