Ønskjer energiverket på Mongstad velkommen

– Vi er positive til at Statoil får konsesjon og at energiverket på Mongstad kan realiserast, seier fungerande fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen og byrådsleiar i Bergen, Henning Warloe, i ein kommentar til at Statoil har fått konsesjon av No

Positiv til planane
Nilsen og Warloe viser til fylkesplanen for Hordaland som ønskjer eit energiverk på Mongstad velkommen og at fylkestinget i Hordaland er positiv til planane og har vedteke å støtte bygging av energiverket.

Unngå kraftkrise
Dei peikar på at energiverket blir viktig for sysselsetjinga ikkje berre i Nordhordlandsregionen, men og for Bergensregionen. Det nye energiverket blir og det første steget for å unngå den store kraftkrisen som ville komme om nokon år om energiverket ikkje blir bygt.

Sikre 700-800 arbeidsplassar
Energiverket på Mongstad blir det største industriprosjektet på land på mange år i Hordaland. Bygginga vil sikre 700-800 arbeidsplassar i Nordhordlandsområdet, og indirekte fleire tusen arbeidsplassar i Hordaland som følgje av aktivitetane på Mongstad.

Svært godt miljøprosjekt
Nilsen og Warloe seier at det strategisk er svært viktig at Noreg som petroleumsnasjon har eit moderne og konkurransedyktig oljeraffineri. Energiverket vil bli eit svært godt miljøprosjekt med ei energiutnytting på 70-80 prosent. I tillegg blir verket eit svært godt ENØK-tiltak.

Bjarte Brask Eriksen 07.07.2006 08:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart