Olsvikåsen videregående skole opnar i august

Arbeidet med å sluttføre Olsvikåsen videregående skole er i ein hektisk sluttfase. 10. august er skulen klar for innflytting, 16. august tek elevane skulen i bruk, og torsdag 17. august klokka 13.00 skal fylkesordføraren stå for den offisielle opninga.

Rektor Berit Østerbø Brekke og driftsleiar Trond Skotheimsvik får ein travel sommar med sluttføringa av Olsvikåsen videregående skole.
Rektor Berit Østerbø Brekke og driftsleiar Trond Skotheimsvik får ein travel sommar med sluttføringa av Olsvikåsen videregående skole. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Flott og moderne
– Det er ein flott og moderne skule vi tek i bruk. Dei tilsette er ei engasjert og samansett gruppe i alder og kompetanse. Vi skal få god kvalitet på undervisinga. Det blir ei utfordring med både ny skule og ny struktur. Alle elevar og lærarar får eigen berbar pc, og vi har videokanon i alle klasserom, fortel rektor Berit Østerbø Brekke.

Midt på skuleplassen er det bygt scene for breakdance med tilhøyrande tribune. Bak t.v. idrettshall og t.h. kantine.
Midt på skuleplassen er det bygt scene for breakdance med tilhøyrande tribune. Bak t.v. idrettshall og t.h. kantine.

7000 kvadratmeter
Skulen får eit bruttoareal på 7000 kvadratmeter og har ein total kostnad på 131 millionar kroner.
– Vi er i rute, og skulen er klar til å takast i bruk 10. august. No gjenstår litt arbeid for anleggsgartnaren, og vi er i sluttfasen med å gjere skulen ferdig innvendig. I desse dagar held vi på med montasje og plassering av møblar, opplyser prosjektleiar Magnar Nesbjørg hos Eigedomssjefen.
Driftsleiar ved skulen, Trond Skotheimsvik, fortel at dei kjem til å arbeide i heile sommar med sluttføringa av elektriske installasjonar og ventilasjon.
– Men vi reknar med at skulen blir klar til innflytting 10. august.

60 tilsette, 460 elevar
Olsvikåsen videregående skole skal fullt utbygd ha 60 tilsette og 460 elevar. Dette første året får skulen om lag 40 tilsette og i underkant av 300 elevar, delt på tre studieretningar:  Allmenne, økonomiske og administrative fag, helse- og sosialfag, og formgjevingsfag. Helse- og sosialfag er overført frå Laksevåg videregående skule.
Skulen får eigen idrettshall på totalt 1000 kvadratmeter, inkludert scene og garderobe. Kantina er bygd som bru mellom idrettshallen og resten av skulen. På skuleplassen er det bygt eigen breakdancescene med tilhøyrande tribune. På nordsida av idrettshallen ligg idrettsplassen.
Skulen får eige parkeringshus til 80 bilar, plassert i det nord-austre hjørnet ved administrasjonsfløya.

Dei fleste tilsette på plass
Dei fleste som skal arbeide ved skulen er tilsett. Åge Rosnes har permisjon som rektor mens han er statssekretær for kunnskapsministeren. Assisterande rektor Berit Østerbø Brekke er hans vikar. Ho kjem frå stillinga som studieinspektør ved Sotra vidaregåande skule. Jannicke Bøe kjem frå OT/PPT-tenesta og vikarierer som assisterande rektor. Som fagleiarar er Inger Sagvaag frå Bjørgvin videregående skole og Anne Libnau frå Hunstad skole tilsett. Elevinspektør er Rolf Stenhjem frå Slåtthaug videregående skole. Heidi Johansen er reinhaldsleiar, Leif Helge Molvik er IKT-ansvarleg, og Åse Bakke frå Fylkesrevisjonen og Sølvi Olsen frå Laksevåg videregående skole er tilsett som økonomi- og personalkonsulentar. Njål Sætre frå Sotra vidaregåande skole er tilsett som leiar for kantinedrifta og lærarar for klasse med redusert elevtal. Desse har som oppgåve å drive kantina.

Den nye skulen ligg fint i terrenget oppe i Olsvikåsen.
Den nye skulen ligg fint i terrenget oppe i Olsvikåsen. Legg merke til Sotrabrua oppe i venstre hjørne. (foto: Johan J. Meyer)

Bjarte Brask Eriksen 11.07.2006 07:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart