Inntaket til vidaregåande skular 2006: 668 fleire får skuleplass, 200 færre på vent

16 918 elevar får no melding om at dei får plass ved dei vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune komande skuleår. Dermed får 668 fleire elevar enn i fjor skuleplass ved 1. inntaksomgang. Samstundes er talet på elevar med ungdomsrett som førebels

Over 18 000 søkjarar
Søkjartalet for 2006 er totalt 18 017, ein auke på 290 samanlikna med 2005. På bakgrunn av at det i år er ca. 600 fleire avgangeelvar i ungdomsskulen enn i fjor, er auken noko mindre enn venta.
 Når veksten er lågare enn venta, heng det mellom anna saman med talet på eldre søkjarar, dvs. over 20 år, har gått ned.

470 fleire frå ungdomsskulen
Talet på søkjarar frå ungdomsskulen har auka med ca. 470. Sidan dei fleste som kjem ut frå ungdomsskulen søkjer vidaregåande opplæring, er det nok auken i talet på friskular som gjer at søknaden til dei offentlege skulane ikkje fullt ut samsvarar med auka elevtal i 10. klasse, seier inntaksleiar Nils Skavhellen.

Godt utbygd tilbod
Totalt får 16 918 elevar tilbod om plass etter 1.inntaksomgang.  Dette er 668 fleire elevar enn i 2005.
Dette skuldast at fylkeskommunen har oppretta nye elevplassar i samband med innføring av Kunnskapsløftet og større avgangskull i ungdomsskulen, og at det generelt sett er ein godt utbygd tilbodsstruktur ved dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Færre på vent
Etter 1. inntaksomgang er det 672 søkjarar med Ungdomsrett som står utan tilbod.  Dette er 200 færre enn på same tid i 2005.

518 av søkjarane utan tilbod er frå Bergensregionen.  Mange av desse søkjer populære eller «smale» kurstilbod. Mellom anna er det mange søkjarar utan tilbod til VKII Allmennfagleg påbyggingskurs.
 Her brukar dei aller fleste å få plass i regionen utetter i inntaksperioden. Grunnen er at mange søkjer både læreplass og skuleplass. I ein marknad med rimeleg god tilgang på læreplassar reknar vi såleis med at mange VKII plassar ved Allmennfagleg påbyggingskurs blir frigjorte utover sommaren, seier inntaksleiar Skavhellen.

Enkelte må revurdera
Inntaksleiaren vurderer situasjonen som verre for dei som berre søkjer eitt kurs, t.d. Bilmekanikar eller Brønnteknikk. Her vil nok ein del søkjarar måtte revurdera framtida si i høve til yrkesval, og kanskje søkja seg til andre VKI kurs som i utgangspunktet ikkje var så aktuelt, men som likevel kan gje minst like trygg framtid på arbeidsmarknaden.

.. skulle ført opp fleire ønskje...
Framleis er det slik at enkelte søkjarar ikkje utnyttar søknadsskjemaet sitt godt nok, og dermed noko unødvendig står utan skuletilbod etter 1. inntaksomgang.
 Når ein har sjansen til å føre opp inntil 18 ønskje på søknadsskjemaet sitt, men nøyer seg med eitt eller to, set ein seg sjølv ofte i ein vanskeleg situasjon, og sommaren kan bli litt meir usikker enn den trong å vera, seier inntaksleiar Skavhellen.

Fritt skuleval
Fritt skuleval har heller ikkje i år gjeve dei store utslaga i søkjartala til dei vidaregåande skulane.  Som det vart sagt etter prognoseinntaket tidlegare i vår står nærskulen svært sterkt i Hordaland.  Dette gjeld både i og utanfor Bergen.
 I fjor var utslaget av fritt skuleval at ein fekk mykje høgare nedre poenggrenser ved skulane i Bergen sentrum enn i bydelane.  Sjølv om skulane i sentrum framleis står sterkt, er det i år ein del bydelskular som har like høg nedre poenggrense som sentrumsskulane.

Inntaksreglane
I høve til i fjor er inntaksreglane dei same – med eitt unntak. Dei som fullfører VKI i Allmenne fag har førerett til plass ved same skule i VKII.  Dette fører til at elevar som vil skifta skule kan risikera ikkje å koma inn sjølv om dei har betre karakterar enn dei som alt er elevar ved den aktuelle skulen.  Dette er gjort for at flest mogleg elevar skal få halda fram ved same skule, og få fullføra dei studieretningsfaga dei har byrja med i VKI.
 I praksis betyr denne regelen ikkje så mykje fordi dei fleste søkjarane får plass ved den skulen dei ønskjer i VKII Allmenne fag.  Likevel kan det nok vera at nokre søkjarar som er heimehøyrande utanfor Bergensdistriktet ikkje får plass ved Bergensskulane siste skuleåret, men må fullføra utdanninga si på nærskulen sin.

Personleg samtale
Hordaland fylkeskommune er framleis åleine om å innby alle søkjarar med Ungdomsrett, utan tilbod etter 1. inntaksomgang, til ein personleg samtale på Inntakskontoret. Dei vil då få kjennskap kva rettar dei har til vidaregåande opplæring, kva sjansar dei har til å få plass ved dei tilboda som er søkte, eller rett og slett få omprioritera søknaden sin til meir realistiske ønskje i høve til eigen poengsum.
 Mange frå Bergensområdet har tidlegare år nytta dette tilbodet i staden for å få eit skule-/kurstilbod så langt borte frå heimen at dei må bu borte. Dei som bur utanfrå Bergensområdet kan sjølvsagt også ta turen til Bergen, men ofte tek heller desse rådgjevinga på telefon eller e-post – og får sjølvsagt same rettleiinga med det.

Informasjon – bruk epost
Eit hefte med informasjon om inntaket vart sendt alle søkjarane i juni. Inntakskontoret ventar likevel stor pågang på telefonane dei næraste vekene.
 Inntakskontoret vil på det sterkaste tilrå dei som har høve til det, til å senda spørsmåla sine på e-post til: postmottak.inntak@post.hfk.no . Her vil det vera ein 24 timars svargaranti på vekedagane, og 48 timar i helgene.

Gje svar på nettet
Inntakskontoret oppmodar flest mogleg av søkjarane å senda svar på om dei tek imot plassen eller ikkje på internettadressa: www.vigo.no
 Brukar-id og passord som skal nyttast er det same som ved innsending av søknad om skuleplass, og det står også på meldingskortet som alle søkjarane får i desse dagar.  Svarar ein på internett skal ein ikkje senda inn svarkortet i tillegg.  Det har vist seg at det å svara på internett er sikrare enn manuelt svar.  Ved internettsvar kan ein også endra svaret sitt fleire gonger heilt fram til svarfristen  som er 23. juli kl. 23.59.

To inntaksomgangar til
Det er framleis to inntaksomgangar att før skulestart.  Resultatet av 2. inntaksomgang vil vera klårt den 2. august, og siste maskinelle inntak (3. inntaksomgang)  er 11. august.  Alle dei vidaregåande skulane i Hordaland tek til onsdag 16. august. Dei som ikkje møter denne dagen, og som ikkje har fått skriftleg permisjon frå skulen, kan mista tildelt plass.


 

Stanley Hauge og Nils Skavhellen 10.07.2006 11:20
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart