Fylkeskommunen ute av staten si «svarteliste»

— Når Hordaland fylkeskommune no er ute av staten sitt Register om betinga godkjenning og kontroll (ROBEK), også kalla staten si «svarteliste», er det ei ny stadfesting av betringa i fylkesøkonomien og eit resultat av god styring og budsjettdisiplin, seie

Det er gledeleg at vi no er ute av ROBEK-registeret, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.Fylkeskommunen hamna i ROBEK-registeret i 2001 på grunn av rekneskapsmessige underskot som i hovudsak galdt spesialisthelsetenesta og barnevernet.

Det er gledeleg at vi no er ute av ROBEK-registeret, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Snuoperasjon
— Vi ser no dei positive resultata av snuoperasjon vi starta då budsjettet for 2004 vart vedteke. Vi la då nøkterne rammer i samsvar med inntektene og sette i gang handlefridomsprosjektet med kritisk gjennomgang av utgifter og ansvarsoppgåver.  No er alle gamle underskot dekka inn, og vi treng ikkje statleg godkjenning for kvart lån vi skal ta opp til investeringar,  seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Overskot i 2004 og 2005
Rekneskapsmessig var både 2004 og 2005 gode år for Hordaland fylkeskommune med overskot (+ 11,6 mill. kr i 2004 og + 65,6 mill. kr i 2005).

God økonomistyring
— Desse gode resultata har ikkje kome av seg sjølv, men av solid innsats frå mange hald. Fylkestinget har lagt grunnlaget med budsjettvedtaka som  så er følgde opp med god økonomistyring av dyktige medarbeidarar, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Ny satsing
– Snuoperasjonen har gjeve oss att handlefridomen til å kunna prioritera viktige satsingar innan skule, samferdsel, kultur og regional utvikling,  seier fylkesordføraren.

Sjå også: Meir til skular, vegvedlikehald, næring og kultur 

Årsmelding 2005 (pdf-fil)

Stanley Hauge 14.07.2006 10:52
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart