Eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion

Visjonen for Hordaland: Eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion, er vedteken i fylkesplanen for perioden 2005-2008. Hordalandsprogrammet for 2006 viser oversikt over fylkeskommunen sin samla innsats for regional utvikling i år.

Hordalandsprogrammet 2006

Hordalandsprogrammet er handlingsprogram for fylkeskommunen sin samla innsats for regional utvikling i 2006. Det gir oversyn over vedtekne og kjente satsingar, tiltak og program som skal iverksetjast i år. Fylkeskommunens løpande driftsoppgåver går ikkje inn i programmet, så som ordinær drift av vidaregåande skular, tannklinikkar, kulturinstitusjonar, og ordinært tilskot til kollektiv transport, med vidare.

Hovudaktivitetane
– Fylkeskommunen sitt engasjement for regional utvikling er mangfaldig og omfattande. Mange tiltak for regional utvikling er integrert i løpande arbeid og let seg ikkje identifisere som særskilte satsingar. Hordalandsprogrammet gir oversikt over hovudaktivitetane i arbeidet for regional utvikling, med vekt på særskilte satsingar, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Attraktive lokalsamfunn
I Hordalandsprogrammet går det fram at fylket skal vere mellom dei mest innovative regionane i Europa, fylket skal vere ein lærande region der kompetanse blir systematisk utvikla, fylket skal ha eit rikt og mangfaldig kulturliv, og fylket skal utvikle levedyktige regionar og attraktive lokalsamfunn.

Auka bruk av naturgass
Fire fanesaker skal realiserast i perioden fram til og med 2008, med start i år: Auka bruk av naturgass, utvikle Bergen som kunnskaps- og utdanningsby, satsing på kulturbasert næring slik at Hordaland blir Noregs festivalfylke og eit senter for musikkindustri, og betre kommunikasjonar slik at transportkostnader går ned.

Les meir i Hordalandsprogrammet 2006 (54 sider i pdf-format)

Bjarte Brask Eriksen 03.07.2006 12:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart