Hordaland fylkeskommune har det overordna ansvaret for forvaltinga av midlane i Hordaland, men næringslivet i dei råka områdane avgjer kva prosjekt som skal prioriterast.
Frå 2007 blir ordninga med lågare arbeidsgjevaravgift gjeninnført i 7 kommunar i Hordaland. Kompensasjonsordninga vil då berre omfatte 7 kommunar med hovudtyngde i Sunnhordland.
Reiselivsnæringa i Hordaland får i åra 2004-06 til saman 25 mill. kr til marknadsføring, kompetanseheving og produktutvikling. Bilete frå Lofthus i Hardanger. (Foto: Antohny R. Dalton. Arkiv: Hordaland reiseliv.)
Mest til samferdsel og reiseliv
Over 100 mill. kr av kompensasjonsmidlane for perioden 2004-2006 går til ulike samferdselsprosjekt:
Jondalstunnelen 59 mill. kr, Hardangerbrua 14 mill. kr, utbetring av riksveg 541 på Bømlo får 28 mill. kr og 3 mill. kr er nytta til opprusting av flyplassen på Stord
Reiselivsnæringa i Hordaland får i perioden til saman 25 mill. kr til marknadsføring, kompetanseheving og produktutvikling. Tilskotet finansierer mellom anna den største internasjonale marknadsføringskampanjen av Vestlandet nokon sinne, i samarbeid med Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
10,4 mill. kr går til ulike prosjekt knytt til bruk av naturgass i Hordaland, og 10,44 mill. kr til utviklingsprosjekt innan marin sektor.
7 mill. kr går til bedriftsretta tiltak i dei aktuelle områda, styrt gjennom Innovasjon Norge.
I tillegg finansierer midlane fleire større prosjekt som gjeld kompetanseutvikling, digital infrastruktur og utvikling av mekanisk industri.
Flest kommunar i Hardanger
Av dei kommunane som inngår i kompensasjonsordninga er
7 i Hardanger (Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Kvam)
4 i Sunnhordland (Bømlo, Etne, Tysnes, Kvinnherad)
3 i Nordhordland (Masfjorden, Fedje, Modalen)
Ut frå tal arbeidstakarar er det Sunnhordlandsregionen som får mest av kompensasjonsmidlane. Utanom dei midlane som er sett av til bransjetiltak (reiseliv, olje/gass, marine næringar og petromaritim industri) og til bedriftsretta tiltak, styrer regionane direkte over neste 3/4 av midlane – totalt 146 mill. kr. Fordelinga mellom regionane er slik:
Sunnhordland 76,25 mill. kr (52%)
Hardanger 63,05 mill. kr (43%)
Nordhordland 7,33 mill. kr (5%)
Både Sunnhordland og Hardanger har valt å nytte hovuddelen av midlane til samferdsel.
Næringslivet i førarsetet
For kvart år er det utarbeidd ein handlingsplan som bestemmer kva prosjekt og programområde som skal prioriterast. Planen byggjer på forslag frå regionale arbeidsgrupper sett saman av representantar frå næringslivet og kommunane, og forslag frå bransjegruppene for reiseliv, olje/gass, marine næringar og mekanisk industri.
Fylkeskommunen utarbeider den samla planen som etter behandling i fylkesutvalet blir godkjent av Kommunal- og regionaldepartementet.
Hordaland har valt ein modell for forvaltning av kompensasjonsmidlane som byggjer på tett samarbeid mellom næringslivet, kommunane og fylkeskommunen. Dette har medverka til at prosjekt som har stor samfunnsnytte og betydning for regional utvikling har fått høg prioritet.
Ein viktig tilleggseffekt av «Hordalandsmodellen» er at ein gjennom samarbeidet mellom sentrale næringslivsfolk og politikarar i dei regionale styringsgruppene har fått ei vitalisering av det regionale samarbeidet om næringsutvikling.
Full kompensasjon til dei minste bedriftene
Alle bedriftene som er råka av auken i arbeidsgjevaravgift, har fått eit såkalla botnfrådrag. Botnfrådraget har ei øvre grense på ca. kr 270 000 pr år. Dette gjer at dei minste bedriftene (under ca. 20 tilsette) får kompensert sine auka kostnader fullt ut. Dermed fekk desse bedriftene ingen reell auke i arbeidsgjevaravgifta.
Gjeninnføring av lågare arbeidsgjevaravgift
Frå 2007 blir ordninga med lågare arbeidsgjevaravgift med 10,6% gjeninnført i 7 kommunar i Hordaland: Masfjorden, Fedje, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda.
Regjeringa har sagt at kompensasjonsordninga skal oppretthaldast for dei 7 kommunane som ikkje får gjeninnført lavare arbeidsgjevaravgift: Modalen, Kvam, Jondal, Kvinnherad, Tysnes, Etne og Bømlo.
Hordaland vil såleis også få kompensasjonsmidlar frå 2007, men vesentleg mindre enn for åra 2004-2006. Beløpet vil først bli kjent når statsbudsjettet for 2007 ligg føre.
Vedlegg
Vedlegg 1: Hovudfordeling av midlane
Vedlegg 2: Kort omtale av prosjekta
Vedlegg 3: Faktainformasjon om kompensasjonsordninga
Pressemelding med vedlegg i pdf-format