Hordaland fylkeskommune sin tusenårsstad, kunsthuset Kabuso i Øystese, vert offisielt opna laurdag 21. januar. Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen utfører den offisielle opninga under opningsførestillinga.
Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (biletet) skal føreta den offisielle opninga av tusenårsstaden i Hordaland.
Opningsutstilling
Opningsutstillinga i Kabuso er heilt konsentrert om målaren Eilif Amundsen og skjer i samarbeid med Bergen kunstmuseum. Amundsen er frå Bergen og er kjent for å vera oppteken av det vestlandske lyset.
Opningsprogram
På opningsprogrammet laurdag 21. januar står desse:
Geir Botnen
Frode Grytten/Knut Vaage
Jazzlinja ved Griegakademiet
Heidi Marie Vestrheim
Henning Kraggerud
Kvam kulturskule
Trio i ein fjord
Offisiell opning
Den offisielle opninga vert laurdag 21. januar frå kl. 13.00 til ca. kl. 15.30 i Kabuso i Øystese, deretter vert det middag for inviterte gjester på Sandven hotell i Norheimsund.
Publikumsprogram 21. og 22. januar
Kabuso vert open for publikum laurdag 21. januar kl. 16.00-21.00 og sundag 22. januar kl. 12.00-16.00. Begge dagar vert det høve til å sjå opningsutstillinga med måleri av Eilif Amundsen. Laurdag kl. 16.30 vert det familiekonsert i konsertsalen og søndag kl. 14.00 står "Hardanger - midt i Griegs liv" på programmet - konsert og føredrag.
Annonse om programmet
Les meir om Tusenårsstaden